Ved hjelp av Senterpartiet kan regjeringa sørgje for at norske kommunar på eige initiativ forbyr tigging.

NPK-NTB
NPK-NTB

Støttepartia Kristeleg Folkeparti og Venstre går imot, men regjeringa går inn for kommunale tiggeforbod i eit høyringsbrev som vart sendt i førre veke, melder Aftenposten.

I høyringsbrevet skriv Justis- og beredskapsdepartementet at reglane i dag ikkje gir kommunane gode nok verkemiddel til å «førebyggje kriminalitet, sørgje for ro og orden, og sikre behova til innbyggjarane for tryggleik i kvardagen».

Justisdepartementet vil difor endre politilova slik at kommunane kan innføre forbod mot tigging i politivedtektene sine.

Senterpartiet har programfesta eit forbod mot tigging som blir handheva lokalt. Anders B. Werp frå Høgre som er nestleiar i Stortingets justiskomité, ser ikkje bort frå at regjeringspartia vil søkje støtte hjå Sp. Han ser heller ikkje bort frå at Arbeidarpartiet stemmer for eit slikt forslag.

– Eg vil ikkje sjå bort frå det, men forskoterer heller ikkje støtte frå dei, seier Werp til Aftenposten. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

Kommentarar

ANNONSE