Ønskjer klare pc-reglar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

PC-bruk i skulen var tema på Ungdommens fylkesting i Sogn og Fjordane.

– Skuleverket har vore oppteken av å få PC inn i skulen, men det har vore for lite snakk om korleis PC skal brukast, seier den nye valde leiaren i Ungdomspolitisk utval, Alice Beate Holm.

– I dag ser vi at for mange misbrukar PC i skulen, og brukar den til for mykje ikkje-fagleg surfing. Dette går ut over undervisninga og læringsutbyttet. Vi må snu denne trenden, for målet med å bringe PC inn i klasseromma, vil eg tru var det motsette.

LES OGSÅ: Zombiespel inn i klasserommet

Treng kompetente lærarar
Resultatet av gruppedebattane var at tingsetet ønskte at skulen skal nytte teknologien på ein ny og betre måte enn i dag.

– Korleis kan ein bruka teknologien på ein ny og betre måte?
– Å bruke tilrettelagte program for undervisning, undervisningsportalar på nett og til å samle informasjon til oppgåver og læring, er etter mi meining, det PC skal brukast til i skulen. Å bruke PC-en til ikkje-fagleg surfing kan ein gjere etter skuletid eller i friminutta.

Ho seier det er viktig at lærerane meistrar teknologien, oppdaterer seg og varierer undervisningsmetodane ut i frå det.

LES OGSÅ: Den digitale skulen er nær

– Tydelege konsekvensar
Alice Beate Holm seier at det har vore lite snakk om kva PC skal brukast til.

– Det finst ingen sentrale retningsliner eller reglar for dette. Kva reglar som skal gjelde for PC-bruk er opp til kvar enkelt skule og kvar enkelt lærar.

Fylkesting for ungdom meiner at lærerane bør ha tydlegare retningslinjer for å nytte datamaskin i timane.

– Reaksjonen ved brot på retningslinjene for bruk av datamaskiner i timane må vere konsekvente, seier Holm til Framtida.no.

Å stengje enkelte nettsider, som til dømes Facebook, trur ho ikkje noko på.

– Ungdommen i dag er smarte og tilpassingsdyktige, og vil alltid finne andre tidstjuvar og andre måtar å kommunisere på.

Korleis meiner du ein bør bruka pc i skulen for å få meir og betre læring? Del tankane dine i kommentarfeltet!