Kvar veke fram til nyttår skal det kårast ein vekas nynorske blogg. Av alle desse vil ein jury kåra Årets nynorske blogg.
– Det finst mange gode bloggar på nynorsk som fortener eit større publikum. Dette ønskjer me å gjera noko med, seier Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no. Nyhende- og debattavisa for unge vil laga ei samleside der ein kan finna lenkjer til alle dei beste nynorske bloggane.
– Me synest det er viktig å gjera stas på gode språklege førebilete, seier Synnøve Marie Sætre, nyvald skrivar i Norsk Målungdom. Ho sit i juryen saman med representantar frå Framtida.no og Noregs Mållag. Ho håpar at det kjem inn mange forslag i konkurransen.
– Det er lov å føreslå seg sjølv, understrekar ho.
Bloggarar innan alle mulege tema blir invitert med – frå mat- og motebloggarar til dei som skriv om til dømes fotball, politikk, litteratur eller livet generelt.
Godt språk, gode bilete og godt innhald blir lagt vekt på i vurderinga til juryen.
Her kan du tipsa om gode nynorske bloggar!