Internett tar over meir av fritida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser tal frå norsk mediebarometer som vart publisert av Statistisk sentralbyrå (SSB) tysdag.

Sidan 2000 har delen av befolkninga som bruker internett dagleg auka frå 27 til 85 prosent. Berre frå 2012 til 2013 har delen auka frå 80 til 85 prosent. Lagleg tilkomst på nettbrett og mobil har nok mykje å seie for utviklinga.

Nyheiter er hovudaktivitet på nettet, og papiravisene ser ut til å miste fleire av sine daglege lesarar. I 2000 oppgav 77 prosent at dei leste avisa kvar dag. I 2012 var talet sokke til 55 prosent, medan det i fjor var gått ytterlegare ned til 51 prosent. Størst er endringa for aldersgruppa 16 til 24 år, der 84 prosent var daglege avislesarar i 1991 medan berre 26 prosent var det i 2013.

Unge vanar
Undersøkinga tar for seg mediebruk i fritida og inkluderer ikkje skulearbeid eller mediebruk på jobb. Medan 85 prosent av folk generelt brukar internett kvar dag, er unge og yngre vaksne dei ivrigaste brukarane. Her bruker 96 prosent internett på fritida kvar dag. Bruken er ganske jamt fordelt mellom jenter og gutar. Personar i aldersgruppa 16 til 19 år brukar mest tid på internett gjennom eit døgn, med 3 timar og 42 minutt i gjennomsnitt. Snittet for befolkninga generelt er 1 time og 52 minutt.

Blant dei unge nettbrukarar oppgir heile 91 prosent at dei er på sosiale medium kvar dag, medan delen for befolkninga generelt er 65 prosent. Dei unge er også langt føre andre aldersgrupper når det gjeld bruk av chattetenester.

Unge og yngre vaksne er gruppene som i størst grad brukar heime-PC dagleg, med ein brukardel på høvesvis 84 og 82 prosent. Dette er alt frå PC-spel til hjelpemiddel for heim og fritid.

Mobilt nett
Gjennomsnittleg brukstid på internett var nesten to timar dagleg i 2013, som er ny rekord og 18 prosent auke frå året før. Auken gjeld for begge kjønn og i alle aldersgrupper, unntatt dei eldste. Smarttelefonar og god nettdekning har dei siste åra bidrege til denne auka bruken av internett. Heile 54 prosent av dei som i fjor var innom internett, brukte mobiltelefonen.

I takt med at internettbruken aukar, veks også bruken av musikk frå nettet. Av alle lyttarar hørte 70 prosent i fjor dagleg på lydfiler frå internett. Eitt år tidlegare var denne delen på 67 prosent. Delen som brukar CD-spelar er redusert med to tredeler på ti år: Frå 93 prosent i 2003 til 34 prosent i 2013.

Når det gjeld film er ikkje utviklinga like tydeleg, men tendensane er dei same: Fleire brukar nettbasert bilde- eller filmavspeling, medan det er færre som ser på kjøpte og leide DVD/bluray-plater.

Tregt for e-boka
Medan internett tar marknadsdelar frå tv og papiravis, er delen som les papirbøker uendra dei siste åra. På ein gjennomsnittsdag i 2013 leste 25 prosent av befolkninga bøker, og snittida for lesarane var over ein time lesing per dag. Delen som les e-bøker dagleg er berre på 2 prosent av befolkninga. Igjen er det dei yngre gruppene, elevar og studentar, som har høgast del brukarar.

Tala har halde seg stabile i fleire år, og kan tyde på at e-bøker førebels ikkje er ein stor trussel mot marknaden for papirbøker. (©NPK)