Vil ikkje byggja landet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa lovar det, Stor­ting­et lover det, det står i alle partiprogram. Heile det politiske etablissementet lovar å få fart på bustadbyggjinga i Noreg, gong etter gong lovar dei å gjera det enklare å bygga, lovar å gjera det rimelegare for unge å koma inn på bustadmarknaden. Men det vil seg ikkje; bustadbyggjinga går ned og ned og ned. Nye tal viser at igangsetjing av nye bustader gjekk ned med 43 prosent frå februar 2013 til februar 2014, og særleg stort var fallet i blokkbustader, som gjekk ned med heile 61 prosent.

Samstundes har salet av nye bustader, dei som ikkje er bygde, men tinga, gått ned med 34 prosent. OBOS har til dømes no gått til det heilt uvanlege steget at dei garanterer at folk som er viljuge til å kjøpa nye bustader, skal få ein gjeven pris på den gamle, for slik å fjerna risiko for bustadkjøparane.
Denne tendensen er ulogisk. Tommelfingerreglane som alle sosialøkonomar lærer som studentar, er at når folketalet går opp med 1 prosent, må investeringane i infrastruktur, i hovudsak hus, gå opp med 4 prosent av BNP. For tida veks folketalet i Noreg med 14 prosent i tiåret, det åleine burde ha løyst ut husbyggjing på minst 50 milliardar meir enn eit normalår utan folketalsvekst. Men vi er altså ikkje i nærleiken. Folk i Noreg, særleg unge og særleg innvandrarar, bur altså stadig dårlegare og stadig trongare. Kva er det som har gått gale?

LES OGSÅ: Kulturhus-satsing kan bli dyr for kommunane

Klimaforlik
Grunnane til at det har vorte slik, finn vi i hovudsak i dei ymse klima­forlika Stortinget har vedteke, det og angsten for eldrebylgja. Klimaforliket har gjeve oss TEK 10, og klimaforliket kjem til å gje oss TEK 15. Underskrivne bur i ein TEK 10-bustad, den seier byggherren vart 700.000 kroner dyrare enn han elles ville ha vore utan TEK 10. I veggene er isolasjonen 250 millimeter, i taket 350, vindauga har tre lag, i alle tak går det luftekanalar, og i fyrste og tredje høgda står luftre­sirkuleringsmaskinene og durar, sumar, haust, vinter og vår. Når sola skin, har vi dører og vindaugo på vidt gap. Vedomnane nyttar vi ikkje, huset er så tett at det knapt er mogeleg å få fyr, og får vi fyr, vert det så varmt, same kor kaldt det er ute, at det ikkje gjev meining.

Eg er ikkje åleine om ha vorte påførd desse ekstrakostnadene. I 2011 gav Boligprodusentene ut ein rapport som såg på alle forskriftsendringane dei seinaste femten åra. For ein normal einebustad, som er 130 kvadratmeter, fann dei at kostnadsauken var på 423.410 kroner, og for eit toroms husvære i tredje høgda, som no må ha heis og som er den typiske startbustaden, fann dei ein auke på heile 637.773 kroner.
Den dåverande politiske leiinga i Kommunaldepartementet lika ikkje rapporten og hevda at han var eit tingingsverk som ikkje gav eit reelt bilete av situasjonen, og rapporten døydde bort utan særleg debatt. Men interessant nok gav byråkratane i det same departementet kort tid etter ut ei stortingsmelding, nr. 28 (2011–2012). Meldinga hadde tittelen «Gode bygg for eit betre samfunn»; der frikjende byråkratane indirekte Boligprodusentene.

LES OGSÅ: Geir ser det takstmannen ikkje ser

50 prosent dyrare
For i meldinga skriv byråkratane at byggjekostnadene i Noreg hadde gått opp med 50 prosent mellom 1993 og 2011, som var dobbelt så høgt som den ålmenne prisveksten, og endå verre, at produktiviteten mellom 2000 og 2011 hadde gått ned med meir enn 20 prosent. Det er, i skort på eit betre ord, ekstremt.

Som departementet skriv: «Det vil seie at det som bygg- og anleggsarbeidarar bruka 60 minutt på å produsere i 2000, måtte dei bruke meir enn 75 minutt på i 2011. (…) Dette står i motsetning til industrien, der det har vore ein produktivitetsvekst på i overkant av 30 prosent. Det vil seie at det som industrien bruka 60 minutt på å produsere i 2000, bruka dei berre ca. 45 minutt på i 2011.» Og kva gjev departementet opp som ei av hovudårsakene til dette? «Omfattande offentlege krav og regelverk».
Kva var så svaret departementet hadde å gje på denne utviklinga? Jau, i den same meldinga, i samsvar med klimaforliket, varsla dei TEK 15, ein ny runde med endå meir isolering og ventilasjonssystem. Eit regelverk som Boligprodusentene meiner vil auke kostnaden ved ein gjennomsnittleg bustad med nye 200.000. Og då vert ein vanleg ny toroms 1 million dyrare i 2015-kroner enn i 1997.

LES OGSÅ: Stadig fleire eig for å leige ut

16 millionar tapt
Kor mykje er så 1 million kroner? Når staten reknar på kostnader ved investeringar, nyttar dei ei såkalla diskonteringsrente. Den viser kva staten kan få ved å bruka pengane på noko anna enn det den eventuelle planen seier. Den mest vanlege diskonteringsrenta er 7 prosent, som igjen er den historiske årlege avkastninga på å investera i aksjemarknaden. Det er den avkastninga på aksjar Oljefondet legg til grunn at dei skal få på aksjar.

Vi kan kalla vedkomande Per og seier at han er tretti år når han kjøper husværet som er 1 million dyrare i 2015 enn i 1997. Vi seier vidare at han teoretisk sett kan velja å kjøpa eit husvære med 1997-standard, altså at han sparer denne millionen. Denne millionen set han inn i eit aksjefond i KLP og tek det ut i form av pensjon når han vert sytti år. Summen Per sit att med når han er sytti år, er på 16 millionar 2055-kroner. No kan vi gå ut frå at inflasjonen vert på 2 prosent, og då sit han berre att med om lag 6 millionar 2015-kroner, men den summen er høg nok til å gje han ein pensjon på 500.000 i året i femten år. Det er pengar, det òg.

LES OGSÅ: Seks av ti unge får hjelp til sin første bustad

Brukar ikkje mindre straum
Så kan vi alltids seia at Per om han kjøper ein liten einebustad, sparer tusen kroner i månaden i reduserte straumutgifter. Men denne summen er langt, langt mindre enn Per ville ha fått ved å kjøpe aksjar eller setja peng­ar i banken. I dag kan ein til dømes få 4 prosent med renter på høgrentekonto. 1 million ville då gje ei avkastning på 40.000 i året. Og om det var slik at folk sjølve hadde valt å isolera så strengt som føresegnene seier, vel, så hadde det ikkje vore naudsynt med føresegnene.

Det kjem elles ikkje til å stogga ved TEK 15 heller. For Noreg har skrive under på eit EU-direktiv som seier at Noreg må endra byggforskrifta kvart femte år og alltid halde henne oppdatert etter teknologiutviklinga. Målet i dette direktivet, og for den del i det norske klimaforliket, er ikkje passivhus, men hus som er nettoprodusentar av energi. Det vil seia at hus i framtida skal verta utstyrde med solceller, jordvarme og så bortetter. Alt i dag er det tilknytingsplikt til alle fjernvarme­anlegg. Eit døme er i Sandnes: Der må alle nye hus knyta seg til det kommunale forbrenningsanlegget, og minimumskostnaden ved dette er 120.000 kroner i dag, ein pris som vil auka i framtida etter kvart som fleire røyr skal leggjast. Sidan husa som vert bygde, er så tette at dei ikkje har særleg trong til varme, har bustadprodusentane protestert kraftig, men til inga nytte.

LES OGSÅ: 359 millionar til nye studentbustadar

Hjelper neppe
Men hjelper alle desse regule­ring­ane? Fører dei til mindre bruk av energi? Det er for å seia det slik eit komplekst spørsmål, men svaret ser ut til å vera tja, eller nei. Heilt sidan den industrielle revolusjon byrja, har det vore slik at vi har nytta stadig meir energi, og det samstundes som teknologien har nytta stadig mindre energi på forflytting, rørsle og å skapa varme. Kjøle­skåpa nyttar i dag til dømes mykje mindre energi på å produsera kulde enn berre for ti år sidan, men samstundes har vi fått smarttelefonar som treng ymse støttefunksjonar, som igjen gjer at ein smartphone nyttar like mykje energi som eit kjøleskåp.

Utviklinga kallar vi Jevons paradoks etter den britiske økonomen William Stanley Jevons, som var djupt uroleg for at England kunne gå tom for kol. I 1865 gav han ut boka The Coal Question. Der observerte han at prisen på kol berre gjekk opp og opp samstundes som etterspurnaden også gjekk opp. Dette var heilt kontrært til kva økonomifaget alt då sa, nemleg at når prisen går opp, går etterspurnaden ned. Grunnen til den utviklinga, fann Jevons, var teknologi­utvikling. For om prisen på kol gjekk opp med 10 prosent, så gjorde det ikkje noko når lokomotivet nytta 50 prosent mindre kol grunna ein eller annan innovasjon. Togselskapa kunne då selja billettane for mindre pengar, og fleire hadde råd til å taka toget, og dimed etterspurde dei same selskapa meir kol.

Denne utviklinga gjeld på alle område der ein nyttar teknologi som krev energi. I sumar kjem det ein GTI Golf som går både på straum og bensin. Den seier VW kjem berre til å nytta 0,15 liter på mila under normal blanda køyring. Det i sin tur tyder at fleire har råd til bil av di energikostnadene er så låge.

Paradoksal effekt
Og då er vi framme ved den paradoksale effekten av all denne husisoleringa. Det gjer at folk kan nytta mindre kraft, og då går den relative prisen på kraft ned, og går den relative prisen på kraft ned, så går prisen på all energi ned, og då kan folk kjøpa meir energi. Dessutan viser ei rekkje forskingsprosjekt at isolering av hus og installering av varmepumper ikkje fører til at folk nyttar mindre straum, dei nyttar i staden like mykje pengar som før på straum. Dei skrur altså temperaturen opp. Denne effekten er universell. I 1970-åra var gjennomsnittstemperaturen i ein britisk bustad 14 grader, no er han 20 grader.

TEK 10 og TEK 15 har ein annan paradoksal effekt. Den går på tvers av kvotesystemet til EU som Noreg er ein del av. For om det vert slik at nordmenn nyttar mindre energi, så vil vi ha trong til færre CO2-kvotar. Då går prisen på kvotar ned og vert kjøpt andre stader i Europa. For kvotesystemet har sett eit tak på kor mykje CO2 EU kan sleppa ut. Det tyder at om bruken av energi går opp, så vert det dyrare å ureina, men går bruken av energi ned, vert det billegare å ureina. Noreg er altså med på eit system som dreg i to ulike retningar. Vi isolerer massivt, vi byggjer ut massivt med kraft, som gjer all energi billegare på verdsbasis, som igjen fører til meir ureining, og samstundes som vi er ein del av ein marknad som ynskjer å gjera energi, kol, olje og gass dyrare. Det skal ikkje vera lett.

Men finst det ingen vinnarar her? Jau, alle dei som eig ein brukt bustad, får ein prisauke på det dei eig, for det er prisen på nybygg som avgjer prisen på ein brukt bustad. TEK 10 og TEK 15 gjer alle bustader i pressområde dyrare. Frp er elles det einaste partiet som har gått mot TEK 10 og TEK 15. Dei lovar no å vera med på å føra inn TEK 15 i regjeringsposisjon.

Den mest effektive klimapolitikken hadde nok vore å gjera all energi dyrare, særleg den som produserer CO2, men det hadde råka alle nordmenn, ikkje berre dei som treng nye hus.

Saka var først publisert i dag og Tid.