Kulturhus-satsing kan bli dyr for kommunane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan bli dyr for kommunane

Over 60 kulturhus er bygde dei siste ti åra, eller planlagde dei neste fem. Dei 60 prosjekta har ein samla pris på nesten 14 milliardar kroner og vil koste nesten ein milliard kroner i året å drifte, skriv Aftenposten. I undersøkinga deira er dei store Oslo-prosjekta, Operaen, Munch-museet og nye Deichman, haldne utanfor. Likevel blir det altså investert ein sum som svarar til sju hardangerbruer i kulturhus rundt om i landet.

– Held utbygginga av kulturhus fram i same takt som no, vil ein risikere at manga av bygga blir ståande som mausoleum over ein feilslått ideologisk kulturpolitikk, seier BI-professor Anne-Britt Gran til Aftenposten.

Ho peikar spesielt på at kulturbygga ikkje er tilpassa den raske digitaliseringa av kulturen. Satsinga på fysiske bygg held fram sjølv om alt er digitalisert og heimekonsumet av kultur aukar.

– Vendepunktet kan bli i 2012 då SSB for første gong målte at det analoge konsumet gjekk ned, seier Gran. Ho åtvarar særleg små kommunar om at det kan bli vanskeleg å drifte husa.

Organisasjonen Norsk KulturhusNettverk avviser kritikken og peikar på at besøkstala er gode og at det lønner seg å satse på kultur for å trekkje til seg innflyttarar. Men styreleiar Ola M. Løkken ser utfordringane når det gjeld drift sidan det er den enkelte kommune som må ta driftsutgiftene, medan sjølve bygginga er eit spleiselag med stat, fylke og private. (©NPK)