Eskil Pedersen har bestemt seg for å gå av som leiar i AUF på landsmøtet i oktober.

NPK-NTB
NPK-NTB

Pedersen seier til Dagbladet torsdag at han etter fire år som leiar for Arbeiderpartiets ungdomsorganisasjon, opnar for å forlate politikken.

– Eg er open for det meste. Så no har eg ingen plan. Det er litt skremmande, seier Pedersen, som meiner næringslivet eller andre organisasjonar kan vere interessant.

– Eg har med meg nokre erfaringar frå å leie denne organisasjonen som ikkje så mange har. Men eg har også hatt ei fantastisk tid i AUF, seier Pedersen.

LES OGSÅ: AUF og Grøn Ungdom aukar mest 

– Det var så intenst
Han seier 22. juli-terroren var med på å definere leiartida hans i organisasjonen.

– Det var ikkje noko eg valde, men det har teke mykje av mi tid som leiar, seier Pedersen.

Han var 27 år då han sjølv klarte å komme seg unna Anders Behring Breiviks massakre mot AUF-ungdommar på AUFs sommarleir på Utøya. 69 personar vart drepne.

– Det var så intenst. Eg må setje meg ned og tenkje skikkeleg godt etter for å hugse alt saman. Det mest groteske i det heile var korleis AUF-arar først gravla sine eigne, ein kompis eller venninne, for deretter å gå til eit AUF-kontor og fortsette arbeidet med å stå saman mot det vonde. Men at dei gjorde det, gav håp, seier han.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE