– I mi verd er borgarstyrt personleg assistanse (BPA) alfa og omega, seier Ola Schrøder Røyset (20). Han har store forventingar til det komande lovforslaget frå regjeringa.

Tora Hope
Tora Hope

Borgarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein alternativ form for personleg assistanse på, der brukaren sjølv organiserer arbeidet til hjelparen.

Organisasjonar som Uloba har kjempa i over tjue år for å lovfeste BPA som ein individuell rett. Så langt har vegen vore full av skuffelsar. I mai vil regjeringa leggje fram sitt lovforslag om BPA. No er det knytt stor spaning til forslaget, som statsminister Erna Solberg har kalla ei “viktig merkesak for regjeringa”.

Eit fundament for funksjonshemma
Gapet i sysselsettinga mellom personar med og utan funksjonshemmingar er stort.  Senterungdommen-politikar Torstein Lerhol (27), som ligg i rullestol, løftar fram rettsfesta BPA som eit viktig verkemiddel for å minske gapet i sysselsettinga.

– Rettsfesta BPA vil utan tvil vere eit fundament for veldig mange, seier Lerhol.

Han har klåre meiningar om kva eit godt nok lovforslag må innebere:

– Eit godt forslag vil vere ei ordning som gir full fridom til brukarane innanfor ansvarlege rammer. Det inneber moglegheit til å reise kvar og kva tid ein vil og at brukaren får tilsetje kven ein vil. Dersom ein får bruke dei BPA-timane ein får innvilga slik ein sjølv vil, så er eg nøgd, seier Lerhol.

LES OGSÅ: Elevar med ekstra behov fell utanfor

Frp-politikar Ola Schrøder Røyset (20), som sit i rullestol, har store forventingar til det komande lovforslaget. Han meiner det ikkje er mindre enn ein revolusjon dersom det svarar til forventingane.

– Det vil vere eit stort steg for å få fleire ut i arbeidslivet. I mi verd er BPA alfa og omega. Dersom politikarane gjer ein god nok jobb i mai vil eg definere det som ein revolusjon. Moglegheitene vil då vere utruleg mykje større i arbeidslivet. Per dags dato er det kommuneøkonomien som avgjer om ein kan arbeide eller studere, og då blir mange kommuneflyktningar. Vert BPA vedteke på statleg plan kan ikkje kommunen lenger nekte, seier han.

Kjempa i tjue år
I februar inviterte Helse- og omsorgsdepartementet organisasjonane Uloba, Noregs Handikapforbund, Norsk forbund for utviklingshemma, JAG og Funksjonshemmedes Fellsorganisasjon til ein pressekonferanse om det venta lovforslaget.

LES OGSÅ: CP-ramma Frode siktar mot NM-gull

Der lova Bent Høie at forslaget skal gjere BPA til det fridomsverktyet ordninga er meint å vere. Det skal regjeringa gjere mellom anna ved å inkludere timar til avlasting og samfunnsdeltaking, altså støttekontakt i lova.

– Eit viktig utgangspunkt for lova er at oppgåver den enkelte kunne gjort sjølv dersom ein ikkje hadde hatt ei funksjonshemming, kan også ein assistent gjere, sa Bent Høie til Uloba.no.

Ved å inkludere timar til avlasting og støttekontakt i lova, reknar regjeringa med at talet på dei som vert omfatta av BPA vil auke frå kring 3000 i dag, til kring 14.000 personar.

Fleksibilitet og valfridom
Fleksibilitet og fridom er nøkkelord i debatten om BPA. Uloba er ein organisasjon av og for funksjonshemma, som arbeider for at menneske med assistentbehov skal få leve eit fritt og sjølvstendig liv med BPA. Uloba er også arbeidsgjevar for kring 6.000 assistentar over heile landet. Uloba kjemper for retten til å kunne velje BPA i staden for tradisjonelle tenester, når ein har fått innvilga eit antal timar med praktisk bistand.

Politisk leiar i Uloba, Ann Kristin Krokan, er einig med Schrøder Røyset og Lerhol i at BPA vil ha svært mykje å seie for tette sysselsettingsgapet.

– Med BPA får ein moglegheit til å ta utdanning, arbeide delta i politikk og organisasjonsliv, stifte familie eller gjere kva som helst. Dersom ein må vente på at heimesjukepleien skal kome slik mange må i dag, er det klart at ein ofte ikkje vil kome tidsnok til jobb eller andre avtalar. Det gjere det umogeleg å leve eit vanleg liv. Oppgåvene til heimehjelpa og heimesjukepleien ligg i namnet – dei skal arbeide heime hos folk. Personlege assistentar assisterer meg der eg er, om det er heime eller borte, seier Krokan.

LES OGSÅ: Etterlyser fleire støttekontaktar

Ho er òg oppteken av ei anna gruppe, nemleg born som treng avlasting.

– I praksis tyder ei god BPA-ordning at eit born med nedsett funksjonsevne kan få lov til å vekse opp med familien sin. I staden for å bli sendt på institusjon for å avlaste ein utsliten familie, kan barnet få ein assistent til heimen. Born med nedsett funksjonsevne er ei oversett gruppe. Dei er dei einaste som ikkje har ein ubetinga rett til å vakse opp med familien sin, seier Krokan.

– Mykje er uklårt
Hos Uloba er det knytt stor spaning til det venta lovforslaget. Organisasjonen har kjempa i over tjue år for å få rettsfesta BPA. Krokan er forsiktig med å klappe i hendene heilt endå.

– Det blir veldig interessant å sjå korleis lovforslaget til dei blåblå blir sjåande ut. Vi var veldig misnøgde med lovforslaget frå den raudgrøne regjeringa, mellom anna fordi forslaget hadde ei nedre grense for kor mange timar assistanse ein må ha for å få rett til BPA på 25 timar, ei øvre aldersgrense på 67 år, og store avgrensingar på reiser. Før valet i haust var Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti veldig einige med oss i denne kritikken, seier Krokan.

LES OGSÅ: – Funksjonshindra vert diskriminert

No er ho svært spent på korleis Venstre og Krf vil stille seg til lovforslaget i mai.

– Dersom lovforslaget held ved like nokre av dei avgrensingane som låg i dei raudgrøne sitt forslag er vi veldig spente på kva Venstre og KrF vil gjere, seier ho.

(Saka held fram under bildet!)

Torstein Lerhol meiner BPA vil vere eit viktig fundament for personar med nedsett funksjonsevne.

Reise, nedre timegrense og øvre aldersgrense
For sjølv om Høie lova nokre godbitar på pressekonferansen, er ikkje Krokan overtyda enno.

– Eg lurer på om dei blåblå har meir positivt på lager, seier ho.

Krokan er særleg spent på kva regjeringa vil føreslå om nedre timegrense, øvre aldersgrense, reiser, og nasjonale retningslinjer som kan hindre skilnader i korleis kommunane handterer BPA.

– BPA ligg under Helse- og omsorgstjenestelova. Det skapar kinkige situasjonar. Til dømes vert heimesjukepleie tilbydd ut frå opphaldskommuneprinsippet. Det tyder at dersom eg bur i Oslo og reiser til Trondheim eit par dagar, så må Trondheim kommune stille med assistanse til meg. Dette er meiningslaust. Trondheim kan ikkje skaffe folk som kjenner meg og mine behov, og det vert ikkje noko billegare enn om eg hadde hatt med min eigen assistent, som hadde vore tilfelle med BPA. Og kva skal mine faste assistentar gjere, medan eg er i Trondheim? Opphaldskommuneprinsippet vart skapt for å gjere det mogleg for funksjonshemma med assistansebehov å reise, det er ikkje meint som eit hinder for aktivitet og samfunnsdeltaking.

LES OGSÅ: Må ha stå-på-vilje

At nokre kommunar nektar funksjonshemma å ta med seg sin BPA ut av kommunen ein bur i legg store avgrensingar på borgarane sin fridom og fleksibilitet, og strid mot FN-konvensjonen for funksjonshemma, som Noreg ratifiserte i fjor, meiner Krokan.

– På dette punktet er vi veldig spente på kva regjeringa vil føreslå. Då Bent Høie fekk spørsmål om dette med reising og BPA, svara han at det ikkje er noko i det eksisterande lovverket som er til hinder for å reise, men at det er opp til den enkelte kommune å vurdere. Det er eit rimeleg tåkete svar, meiner Krokan.

– Pengane må følgje med
Lerhol, som er politikar i Senterungdommen, meiner det venta lovforslaget høyrest betre ut enn forslaget dei raudgrøne kom med i fjor.

– Det vert spanande og sjå om pengane som trengst følgjer med, seier han.

Også Lerhol er spent på kva lovforslaget vil seie om reising, nedre timegrense og øvre aldersgrense.

– Ei nedre timegrense på 25 timar, som i det raudgrøne forslaget, er berre tull. Det kan til dømes vere blinde som treng fem timar assistanse i veka og som kan ha veldig stort utbytte av det. Dei bør også få lov til å ha BPA.

Når det gjeld den øvre aldersgrensa på 67 år, som Uloba kritiserer dei raudgrøne for, meiner Lerhol at bilete er meir nyansert:

– Vi har nøydde til å ha nokre avgrensingar på alder. Eit frislepp vil innebere at alle landets eldre kan få BPA. Det er ikkje mogleg. Vi har rett og slett ikkje nok assistentar. Ta meg, til dømes. Eg har sju assistentar. Tenk dersom halvparten av landets eldre skulle ha sju assistentar kvar. Det hadde ikkje gått. Vi må finne ein plass å setje grensa, meiner han.

LES OGSÅ: Føresler å samle solskinshistorier

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

LES OGSÅ

ANNONSE