– Eg vil rette søkjelyset mot hans musikalske talent, som eg meiner har kome litt i skuggen av andre ting, fortel regissør Hans Otto Nicolayssen, som skal lage film om Kenneth Sivertsen.

mm
Faktaboks

Kenneth Sivertsen

• Komponist, gitarist, songar og komikar (1961–2006) frå Moster på Bømlo.

•  Inga formell utdanning ut over to år på Voss folkehøgskule.

•  Debuterte med plata «Einsamflygar» i 1983.

•  Gav ut til saman 13 album innan sjangrane vise, pop, rock og jazz. Laga film for ballett, teater og film og komponerte kammermusikk og samtidsmusikk.

•  Skreiv tre symfoniar, den første då han var 20 år gamal.

•  Slo gjennom som komikar saman med sin dåverande kjæraste Herborg Kråkevik. Dei to spelte suksessførestillinga «Cabaret» i ulike versjonar mellom 1993–97.

Kjelde: BT.no, Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

Det kan synast som om multitalentet Kenneth Sivertsen har fått nytt liv den siste tida. I fjor kom biografien «Kenneth. Historia om Kenneth Sivertsen» ut, ført i pennen av Katrine Sele.

Og tidlegare i år kom plata «Dragning» med fem kammermusikkverk av Kenneth Sivertsen. Fire av desse stykka er ikkje utgjevne tidlegare. Denne plata var eit initiativ frå fiolinist og førsteamanuensis ved Griegakademiet Ricardo Odriozola.

No skal Hans Otto Nicolayssen, som sjølv kjente Sivertsen, lage dokumentaren «Kva var det med, Kenneth?»

– Ja, kva var det med Kenneth? Spør Nicolayssen etter sjølv å ha fått det same spørsmålet.

– For det var noko med han, slår han fast.

Sommar i Sunnhordland
Regissøren har gått med ideen i nokre år. Dei to kjente kvarandre profesjonelt etter at Sivertsen i 1991 bidrog på lydsporet til filmen hans«Buicken –store gutter gråter ikke». Då Nicolayssen flytta til Bergen to år seinare vart dei betre kjent.

– Når eg tenkjer på Kenneth tenkjer eg på sommaren hans. Sommaren i Sunnhordland er jo utruleg flott og Kenneth var ein veldig stadbunden person. Han var veldig knytt til Bømlo og Sunnhordland. Mange kunstnarar flyttar til Oslo, men det kunne han aldri gjort, meiner Nicolayssen, som vil dele inn historia om Sivertsen etter årstider.

Frå våren og sommaren då alt gjekk lett, til haust og vinter då problema og hans indre demonar byrja å øydeleggje for han. For mange forbinder Kenneth Sivertsen like mykje med hans rusmisbruk og sjukdom, som med det utrulege musikalske talentet.

LES OGSÅ: Fjordbønder blei kinosuksess

Youtube-klipp
Men det er det musikalske Nicolayssen vil løfte fram i dokumentaren. For noko var det med Kenneth. Han hadde bøttevis med talent. Bevega seg innafor eit utal sjangrar som klassisk, moderne, jazz, visemusikk og revy.  Han var morosam både på og utanfor scena.

– Han var morosam og jobbe med og spøkte med at han komponerte musikken til filmen min ved å kasta dartpiler på notearka, minnast Nicolayssen.

Og det er nok av klipp å ta av ifølgje regissøren. Berre ta ein kikk på Youtube.

Nicolayssen har òg arbeidd for Sivertsen. Saman med regissør Pål Øie laga han i 1994 ein musikkvideo frå ein konsert med Sivertsen og Mike Manieri på Ole Bull Scene. Om denne får plass i dokumentaren er uvisst. Materialet er forsvunne og må difor sporast opp først.

Filmen, som skal produserast av Blink Film ved Njål Embrechts, har fått 400.000 i støtte frå Vestnorsk filmsenter. Det samla filmbudsjettet på 1,4 millionar er med det eit stykke på veg.

Nicolayssen vonar òg å få på plass ein avtale med NRK, som sit på mange opptak av den musikalske bømlingen. Planen er å starte å filme intervju med kollegaar, vener og familie på seinsommaren. Det betyr at filmen kan vere ferdig mot slutten av 2014 eller til neste år.

LES OGSÅ: Skriv bok om Kenneth Sivertsen

Nynorsk stjernelag
Til å fortelje om musikaren sitt liv og karriere manglar det ikkje på store namn. Sivertsen samarbeidde mellom anna med komponist Karl Seglem, Jan Eggum og Jon Fosse, som alle skal bidra i filmen. Ein samtale med Herborg Kråkevik, som ein gong utgjorde halvparten av det vestlandske superparet er òg naturleg.

– Eg står i takknemlegheitsgjeld til Katrine Sele, seier Nicolayssen, som forklarar at han har nytt godt av researcharbeidet til forfattaren bak fjorårets Sivertsen-biografi.

Når Framtida snakkar med regissøren på telefon oppheld han seg faktisk i Jølster, heimkommunen til Sele.

BOKMELDING: Levande portrett av Kenneth

Musikk på film
Men eit fortrinn meiner han å ha, som skal formidle historia i filmformat: At film eignar seg betre enn bøker til å skildre musikk.

Og når han får spørsmål om det beste Sivertsen har laga er han ikkje i tvil. Det vert plata «Remembering North»frå 1993, som vart spelt inn med mellom andre Mike Manieri. Førstesporet på plata – «Nimis (Near But Far)»– er ein meir jazza versjon av filmmusikken til «Buicken».

– Musikken til den filmen er noko av det finaste eg har vore borti, seier Nicolayssen, som medgjev at han slett ikkje er objektiv i dette spørsmålet.

Men det at han kjenner hovudpersonen trur regissøren berre gjer at han anstrengar seg for å få ein så bra og morosam film som mogleg.

Men historia er både lett og tung. For etter vår og sommar, kjem haust og vinter. Og Nicolayssen hugsar godt då han på sin eigen bursdag høyrde om venen og kunstnaren Sivertsen sin død.

– Eg tenkte: Det var på en måte likt han å dø på julaftan…

Sjå Kenneth Sivertsen møte Mike Manieri i klippet under:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50
ANNONSE