Skriv bok om Kenneth Sivertsen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Katrine Sele, forfattar og journalist i Firda i Sogn og Fjordane, køyrde måndag frå Årdal i Sogn og vidare til Moster. Då hadde ho vore og snakka med Karl Seglem, ein gammal ven av Kenneth Sivertsen. Dei heldt mykje saman frå dei gjekk på folkehøgskule i Voss, på musikklinja. Dette var i oppstarten av den musikalske karriera hans.

Møter familien
Så køyrde Katrine Sele frå Sogn og vidare til Moster same kvelden, for å møta og snakka med Sivertsen sin familie. Ho skal bu i huset hans nokre dagar for å samla saman informasjon og inntrykk frå livet hans.

– Det er veldig viktig kva andre fortel om Kenneth Sivertsen, sidan hovudpersonen sjølv desverre ikkje har høve til å fortelja om livet sitt. I motsetnad til forrige portrett-bok eg skreiv, om biletkunstnaren Oddvar Thorsheim. Eg vil sjå på heile livet til Kenneth Sivertsen. Frå barndom og framover i livet hans. Eg er interessert i alle mnoglege folk som kan fortelja noko om kunstnaren, seier Katrine Sele.

Gå til temasidene våre for bøker!

Tre bøker
Katrine Sele har gitt ut tre bøker før. Siste boka kom ut i 2006 og heiter “Herifrå”, Det er ei bok om Sogn og Fjordane, med essays og reportasjar med kulturelle vinklar. Boka vart utgjeven på Selja forlag i Førde.

I 2001 gav ho ut portrettboka om Oddvar Thorsheim, biletkunstnaren frå Førde, på Skald forlag. I 2000 gav ho ut si første bok “Månen er så liten som ein katt”. Som er ein serie med barneintervju som ho hadde samla saman frå arbeidet som journalist i Firda. I fjor vart ho spurt av forlaget Samlaget om ho ville skriva bok om Kenneth Sivertsen.

– Eg er eigentleg litt i byrjinga enno. Eg jobber med boka parallelt med jobben min som journalist i 80 % stilling i Firda. Det skal bli kjempefint å få møta familien til Kenneth Sivertsen på Moster, seier Katrine Sele.

Veldig spesielt
Etter at Katrine Sele hadde møtt nokre i familien og vore ei natt i huset til Sivertsen på Grindheim, var det ein del inntrykk som festa seg.

– Det var veldig spesielt å kome hit. Veldig spennande. Eg tenkjer at no er eg i hans verd. Det kjennes spesielt å koma så tett innpå nokon som ikkje lever lenger. Når eg intervjuer familien og venene til Kenneth Sivertsen, blir eg nesten lei meg for at eg ikkje fekk møta han. Sivertsen hadde ein veldig levande og leiken måte å vere på og sjå livet på. Eg merkar at han er veldig tilstades her i huset. Han var oppteken av eldre folk. Og han hadde ein evne til å mora seg over ein del ting. Folk som skilte seg ut på ein morosam måte for eksempel.

LES SISTE MUSIKKNYTT HER!

Sist måndag fekk eg med meg ein del brev frå Kenneth Sivertsen sin gamle ven, Karl Seglem. Ein del bilder fulgte med og. Av folk med rare hattar på hovudet for eksempel. Eg er og oppteken av å forstå det lidande aspektet hjå Sivertsen. Kva var eigentleg grunnen til at han ikkje kunne overleva? Dette er noko som eg føler er verdifullt å kunne formidla gjennom boka som eg skriv. Det er og heilt openberrt at han har vore veldig kjær for mange. Ein del folk trudde nok dei kjente Sivertsen, som revyartist. Men musikken var ein viktig del av livet hans. Då særleg jazzvisene og gitarkomposisjonane hans. Dette er ein viktig del av vår musikalske kulturarv. Eg synes den musikalske sida av Sivertsen fortener meir merksemd enn det som har vore før. Eg synes det er viktig å få innblikk i den kulturen her på Moster som Sivertsen voks opp som ein del av. Familien tilhøyrer Sions menigheit, seier Katrine Sele.

Forfataren ser veldig fram til å helsa på “Mossa” mor til Kenneth Sivertsen. Ho har nok mykje å fortelja. Sele blir buande i huset til Kenneth Sivertsen ut denne veka, før ho reiser heim att til Jølster i Sunnfjord og fortset vidare der i frå.

Les saka i Bømlo-Nytt!

Faktaboks

Kenneth Sivertsen (16. januar 1961–24. desember 2006), fødd på Mosterhamn i Bømlo kommune), var ein norsk gitarist, songar (visesong, jazz), artist, komponist og humorist.
• Han var tidlegare kjærast og samarbeidde kunstnarleg med Herborg Kråkevik.
• Sivertsen er kjend som ein svært dyktig multikunstnar, og har blant anna samarbeidt med framtredande amerikanske jazzmusikarar som Michael Brecker, Mike Mainieri, Tony Levin og Bob Mintzer.

Les meir på Wikipedia!