Bønder auka inntektene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vestlandsbonden auka i gjennomsnitt jordbruksinntekta med 14 prosent i 2012. Særleg fruktdyrkarane hadde eit godt år, men nesten alle produksjonstypane auka jordbruksinntekta. Unntaket var sauebruka, der jordbruksinntekta gjekk ned.

Det viser resultata frå 169 driftsgranskingsbruk på Vestlandet.

Det gjennomsnittlege driftsoverskotet var på 374.200 kroner, ein auke på 17 prosent frå året før.

Jordbruksinntekta er målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk og enda på 244.600 kroner i 2012, viser tal frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf) (©NPK).

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?