Lage Nøst er ny nasjonal talsperson for Grøn Ungdom. Han ønskjer at fleire folk skal sjå verdien av å ta grøne val.

mm
Faktaboks

Alder: 22
Studerer:
Sosiologi, men drøymer om å studera filosofi til hausten.
Favorittfag på skulen:
Musikk. Særleg når me spelte djembe.
Medlem i:
Eg gjev 70 kronar til Greenpeace kvar måned.
Kva gjer du i fritida/hobby:
Speler banjo

LES FAKTALUKK FAKTA

Lage Nøst tar over vervet som nasjonal talsperson etter Hallvard Surlien. Ingrid Ophaug Dahl blei attvald på landsmøtet til Grøn ungdom i helga.

Landsmøtet vedtok å setje klimarettferd i fokus gjennom ein større kampanje til hausten.

– Global oppvarming rammar tidlegast og hardast i dei landa som har minst historisk ansvar for klimaendringane og dei minste økonomiske musklane til å leggja om, eller utstå øydeleggingane. Me kan ikkje la rike land ture fram som dei vil og halde fram med orgiastisk fossilfråtsing – det er å gjere fru Justitia stor urett, seier Lage Nøst til Framtida.no.

– Me vedtok òg at me meiner Miljøpartiet Dei Grøne burde hegne om talspersonmodellen som leiingsstruktur. Dette blir ein viktig debatt på MDG sitt landsmøte, og eg er glad for at Grøn Ungdom står samla om ein struktur som me har god erfaring med.

– Kvifor har de to nasjonale talspersonar i staden for éin leiar slik som andre ungdomsparti?

– Me trur på maktspreiing og likestilling.

– Kva vil Grøn Ungdom merka av forskjell med deg som talsperson?

– Eg er oppteken av kva for nokre ideologiske rammer ein kan finne varige løysningar på økokrisa innanfor. Me kan gjere mykje for å stogge raseringa av livsgrunnlaget no, men ei meir grunnleggjande omstilling til eit samfunnssystem som ikkje er på kollisjonskurs med økosystema må få sitt utspring i at folk sjølv byrjar å sjå verdien i grøne val, trur eg. Difor vil eg fokusere mykje på å oppmuntre organisasjonen til å filosofere litt over kva grøn ideologi er – og kan vere, med sikte på å meisle ut ei felles forståing av kva Grøn Ungdom sitt verdigrunnlag inneheld. 

– I tillegg heng det ikkje foto av kongefamilien på GU-kontoret meir.

– Kvifor er det bruk for Grøn Ungdom?

– Sidan dei som sit med makta ikkje maktar å gjere noko med klimakrisa, og difor skuvar omstillingsarbeidet over på neste generasjon, er det bruk for ein organisasjon som både skrik ut om feige politikarar i dag og støyper djerve politikarar for morgondagen.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Eg engasjerte meg av di eg tykkjer det er riv ruskande gale å smelte polisen!

– Kva saker er det du brenn for og vil gjera noko med?

– Me må halde opp med hovudlaus sløsing, både kva gjeld matkasting og luksusforbruk. I Noreg lever me som om Jorda var minst tre gonger større enn ho er. Me idealiserer ein røyndomsfjern livsførsel, gjennom mellom anna å bombardere kvarandre med photoshoppa reklame og supertilbod på helse- og miljøskadelege produkt. 

– Eg brenn òg for at skulen skal fremje livslang læring, og stimulere til sjølvstendig tenking og kreativitet. Då er det naudsynt med vurdering FOR læring, ikkje berre å stemple tall i panna på elevane, og me må satsa meir på praktiske og estetiske fag.

– Kva bør Noreg leva av viss me ikkje skal leva av oljeressursane våre?

– Noreg skal leva av alle dei potente næringane som i dag blir heldt på sidelinja av ein løpsk oljeindustri. Me er gode på alt frå landbruk til telekommunikasjon, og sit på mykje kompetanse som kan nyttiggjerast når me skal byggja fornybarsamfunnet. 

– Folk skjønar at de i Grøn Ungdom vil ha eit grønare samfunn. Er det noko anna folk bør vita om Miljøpartiet Dei Grøne og Grøn Ungdom?

– Eit grønare samfunn er òg eit opnare og meir inkluderande samfunn, med meir demokrati, likeverd og transparente avgjerdsprosessar. Grøne parti verda rundt engasjerer seg mykje i å avdekkje usynlege maktstrukturar og rette opp i skeive maktforhold, noko som gjev seg utslag i arbeid for mellom anna grasrotdemokrati, digitale rettar, personvern og jamstilling mellom kjønna.

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Me må senke terskelen for å engasjere seg, både formelt, gjennom mellom anna å gje røysterett til 16-åringar, og uformelt, til dømes ved å gjere oss betre nytte av dei demokratiske moglegheitene internett representerer. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50
ANNONSE