Norske menn gjer mest husarbeid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vinn VM-gull i husarbeid

Etter å ha samanlikna statistikk frå dei fleste av dei 34 medlemslanda om kor mykje tid menn og kvinner brukar på det dei kallar ubetalt arbeid, seier OECD at kvinner langsamt er i ferd med å hale innpå sidan mange no har eigne karrierar.

Men det er framleis eit enormt gap, noko som viser at menn i mange land strevar med å løfte meir enn ein finger frå tid til annan, ifølgje ei pressemelding frå OECD.

Tyrkiske kvinner brukar mest tid av alle på ubetalt arbeid som husarbeid og handling. Dei brukar 377 minutt per dag, medan tyrkiske menn brukar 116 minutt.

Dei minst hjelpsame er japanske menn som brukar 62 minutt på arbeid i heimen per dag, medan konene deira brukar 300 minutt.

LES OGSÅ: – Noreg er minst dårleg i klassen

Og sjølv om norske menn er oppe i 180 minutt per dag på slikt arbeid, brukar norske kvinner enno 210 minutt, ifølgje oversikta.

På den andre sida har OECD funne ut at nordeuropeiske kvinner er «fritidsdronningar». Norske kvinner brukar 367 minutt per dag på fritidssyslar som kvile og underhaldning, litt meir enn britiske kvinner med 339 minutt.

OECD seier at statistikken som ligg til grunn, er frå 2005 til i dag, basert på opp til 20.000 menneske. (©NPK)

LES OGSÅ: Jenter som flyg