Kjøt kan vera like dødeleg som røyking

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Like dødeleg som røyking

Kyllingvingene du et kan vera like dødelege som ein sigarett, melder nettavisa ScienceDaily. Ein ny studie som har følgt eit utval av vaksne over nær to tiår, viser at risikoen for å dø av kreft blir firedobla dersom du et mat med mykje protein frå dyr, samanlikna med andre med mindre inntak av protein. Det er ein dødsrisiko som kan samanliknast med røyking.

– Det er ei misoppfatning av at fordi me alle et, så er det lett å forstå ernæring. Spørsmålet er ikkje om kosthaldet gjer at du kan ha det bra i tre dagar, det er heller om det kan hjelpa deg å leva i hundre år, seier forskaren Valter Longo, professor ved USC Davis School of Gerontology til Science Daily.

LES OGSÅ: – Vi skyv dyret ut av kjøtet

Høgare dødsrisiko
– Flesteparten av amerikanarane et dobbelt så mykje kjøt som dei burde, seier Longo vidare.

Ifølgje studien fører høgt proteininntak ikkje berre til høgare risiko for å dø av kreft, men også til ein generell høgare dødsrisiko. Risikoen for å dø av diabetes kan vera mange gonger høgare for dei som har eit høgt inntak av protein.

Longo rår menneske midt i livet til å ikkje eta meir enn 0,8 gram protein per kilo kroppsvekt på ein dag. Det vil seia at ein mann på 80 kilo ikkje bør få i seg meir enn 64 gram protein per dag, noko som svarer til om lag eitt egg og 185 gram kjøt. Ifølgje kosthaldsråda til Helsedirektoratet bør ein avgrensa mengda av raude kjøtprodukt til 500 gram i løpet av ei heil veke.

LES OGSÅ: Pass deg for pasta

Eldre kan eta meir kjøt
Forskarane bak studien har sett på korleis behova til menneskekroppen endrar seg i løpet av eit liv, og korleis val midt i livet kan påverka resten av livet. Med andre ord: det som er godt for deg i ein periode, treng ikkje vera det seinare i livet. Frå før veit ein at protein styrer veksthormonet IGF-I, noko som hjelper kroppen å veksa. Men samstundes er dette proteinet sett i samanheng med høgare kreftrisiko.

Etter 65-årsalderen er det vanleg med ein større nedgang i nivået av IGF-I-nivå blant menneske, noko som ofte fører til muskelsvinn. Studien viser at eit høgt proteininntak tidleg i livet kan vera skadeleg, men at menneske over 65 år gjerne kan ha høgare inntak av protein. Ifølgje forskarane kan det faktisk verna mot sjukdom.

LES OGSÅ: Biff like ille som bil