Stor merksemd rundt vikingkultur kan gje kroner i kassa for reiselivet.

Hanne Stedje, Sogn Avis
Hanne Stedje, Sogn Avis

– Men det vil også krevja enorme ressursar, seier dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug.

Med sesongpremieren på kjempesuksessen «Vikings» sist veke, rettar millionar av sjåarar både i USA og ei lang rekkje andre land augo mot den norske vikingarven og dessutan ved fleire høve, Gudvangen og Sogn.

Landskampen som vert vist i serien er i stor grad henta frå nettopp Gudvangen og området rundt og vert ved hjelp av teknologi lagt som rammer rundt delar av handlinga, trass i at ingen av scenene er spelt inn her.

Også her heime i Noreg er vikingar i vinden for tida, ettersom TVNorge nett no syner reality-serien «Den siste viking», som er spela inn i området rundt Tyin.

LES OGSÅ: Sognefjorden på ti-på-topp-liste

Stort potensial
Destinasjonsselskapet Visit Sognefjord, som femner om dei ni kommunane i Sogn, skriv i eit brev til Aurland kommune at ei satsing på og utvikling av vikingmiljøet i Gudvangen vil ha stor tydnad for heile regionen og stort potensial.

Bakgrunnen er at det nystarta selskapet Gudvangen utvikling har søkt Aurland kommune om å få nytta området ned mot fjorden i Gudvangen til nettopp dette.

LES OGSÅ: Meiner regjeringa har svikta turismen i distrikta

Livets rett
– Visit Sognefjord vil gjerne støtte deira søknad, og grunngjev dette mellom anna med at vikingprofilen står sterkt i internasjonal samanheng. Me meiner eit vikingkonsept har livets rett i og ved Sognefjorden. Ei utvikling og satsing på eit slikt konsept høver svært godt i lag med andre kulturtradisjonar regionen har å by på, og ein vil stå sterkare i konkurransen på marknaden, heiter det i brevet.

Glitrande Gudvangen
– Litt av føremålet med brevet er å presisera at her ligg eit potensial som ein bør sjå på om det er mogleg å utnytta. Miljøet og naturen i Gudvangen er glitrande i så måte. Samstundes er me også sjølvsagt særs godt klare over at det krev så vel eit eigarskap som store ressursar og investeringar, så det er ikkje slik at me meiner kommunen som skal ha ansvar for det.

Det er meir fordi me ynskjer å synleggjera at her kan vera noko å byggja vidare på, seier dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug.

Høgt profilert
Han er likevel klar på at det skal ein god del til, ikkje minst private aktørar og investorar som torer å satsa stort.

– Vikingkulturen er rett nok høgt profilert akkurat no, men det er jo slik at dette potensialet har lege i norsk reiseliv i alle år, utan at nokon har greidd å gjera så veldig mykje med det. Om ein ser på England og York, til dømes, så er det ikkje nokon som er i nærleiken av å ha greidd å kommersialisera vikingarven på ein slik måte, seier Brandshaug.

Stort knutepunkt
Han viser også til prosjektet med å byggja eit Vikingland, ein eigen temapark, utan for Haugesund, som ser ut til å kunne bli realisert fram mot 2017.

– Det er noko dei har jobba med i årevis, og endeleg greidd å få til ved hjelp av investorar som legg kanskje bortimot 350 millionar kroner på bordet. Dette området har også vore eit knutepunkt for vikingkultur gjennom mange år, utan at ein har greidd å løfta dette meir fram, seier Brandshaug.

Han understrekar at det slett ikkje treng å verta eit tilsvarande vikingland i Gudvangen, men seier det er viktig å sjå på korleis ein kan utnytta det som alt finst for så å vidareutvikla det.

– Det må då kanskje koplast inn mot andre kommersielle krefter i regionen, her ligg det alt ein infrastruktur med bedrifter som jobbar inn mot reiselivsmarknaden. Det handlar om å formidla eit produkt som kan pakkast inn og seljast som ein del av opplevingane dette området har å by på via den strukturen som alt ligg føre, seier han.

Historia om Noreg
Brandshaug trur tv-seriar som Vikings heilt sikkert er med på å auka interessa.

– No framover så vil det nok det, ikkje minst i forhold til amerikanarane. Men om ein tenkjer ti år fram i tid, og desse seriane kanskje går litt meir av moten, vil vikingkulturen framleis vera interessant fordi det er ein del av det som er historia om Noreg.

Det er då det gjeld å ha eit interessant produkt å formidla til turistar.

Levande vikingar
– Det kan vera det å få koma inn i leiren og møta vikingar, smaka på mat, prøva ut bogeskyting, kunst og handverk og slike ting. Levande vikingar er viktig, det vil ha mykje å seia i høve til eit slikt produkt. Det er også viktig å sjå på utviklinga i fleire steg og i ulike perspektiv.

I høve til det arbeidet som vert gjort i Gudvangen og det grunnlaget som er lagt, vil det ikkje krevja dei heilt store investeringane å pakka og setta ein prislapp på produktet, men det handlar å sjå på det i eit litt lenger perspektiv, det er då det vil krevja langt større ressursar og fleire aktørar, meiner Brandshaug.

Saka var først publisert i Sogn Avis.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

Kommentarar

ANNONSE