Nær ni av ti vel abort ved Downs-diagnose

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ni av ti aborterer diagnosen

Nye tal frå Medisinsk fødselsregister som vart lagt fram i februar, viser at det vart fødd 49 born med Downs syndrom i 2012, tre av dei var dødfødde. Dette er det lågaste fødselstalet sidan registreringsmetodane vart gode nok i 1999, skriv Dagsavisen.

LES OGSÅ: Fleirtal seier ja til downs-blodprøve

– Mislukkast som samfunn
Dette er også det første året det vart abortert fleire foster med Downs syndrom enn det vart fødd born med denne diagnosen. 69 foster med Downs syndrom vart abortert i 2012.

Ifølgje Dagsavisen vel totalt sett cirka to av ti gravide kvinner å avbryte svangerskapet. Ei fersk undersøking Medisinsk fødselsregister har gjort for avisa, viser at 87 prosent av kvinnene som i 2012 kjende til at fosteret hadde Downs syndrom, valde å ta abort. Delen har lege mellom 80 og 90 prosent i fleire år.

– Dette er eit sterkt signal om at vi har mislukkast som samfunn, seier KrF-nestleiar Dagrun Eriksen til avisa. Ho understrekar at ho ikkje kritiserer valet til den enkelte om å ta abort.

– Først og fremst må vi som politikarar setje søkjelyset på oss sjølve. Når eg høyrer om den kampen mange foreldre må kjempe med samfunnet, blir eg lei meg. Det viktigaste er at foreldre som føder funksjonshemma born, får den hjelpa dei treng, seier ho. (©NPK)