Fleirtal seier ja til downs-blodprøve

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sier ja til downs- blodprøve

Ei spørjeundersøking InFact har gjort for avisa Dagen viser at 55,5 prosent av dei spurte meinte at blodprøven bør verte tillaten.

Blodprøven kan erstatte dagens fosterdiagnostikk som vert gitt til kvinner i risikogrupper. Prøven kan avdekkje alvorlege sjukdommar før abortgrensa ved 12. veke, og er både sikrare og mindre risikabel enn dagens metodar.

– Dette er ikkje overraskande, i og med at vi allereie langt på veg har opna for ein meir aggressiv diagnostikk av desse tilstandane gjennom betra teknologi og aksept av tidleg ultralyd. Dette er berre eitt skritt vidare, seier professor Reidun Førde ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo.

Ho viser til at mange kvinner i dag går til tidleg ultralyd i privat regi for å avdekkje Downs syndrom. Fleire parti har difor teke til orde for å gjere tidleg ultralyd til eit offentleg tilbod.

– Det er ei utvikling som eg diverre ikkje har noko tru på at nokon vil stoppe, det er berre eit spørsmål om tid, seier Førde.

Samtidig som mange av dei spurte vil tillate avdekking av Downs syndrom, er fleirtalet skeptisk til at den nye blodprøven også skal avdekkje kjønn på fosteret. 51 prosent av dei spurte i undersøkinga er mot at foreldre skal få vite kjønn på fosteret før veke 12, mens 33,5 prosent er for. Menn er meir liberale enn kvinner i begge spørsmåla, viser undersøkinga. (©NPK)