Nordmenn har rundt 40 gonger fleire miljøgifter i kroppen i dag enn for 60 år sidan, viser ny forsking.

NPK-NTB
NPK-NTB

For 60 år sidan var det vanleg å finna seks-sju miljøskadelege stoff i norske kroppar. No ligg talet på 200– 300 stoff, skriv Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Miljøgift gjev lågare fødselsvekt

Miljøgiftkvardag
– Før blei vi først og fremst utsette for miljøgifter gjennom arbeid i industri eller liknande. I dag er produkt med miljøgifter ein viktig del av kvardagen vår, seier direktør Eldbjørg Heimstad ved Norsk institutt for luftforsking og det tverrfaglege Framsenteret i Tromsø.

Ho opplyser at vi får i oss miljøgifter i alt frå møblar og ytterkle til mat og drikke. Høgt forbruk kan vera ei av årsakene til at nordmenn er mellom dei giftigaste i verda. Men også andre faktorar påverkar. Ein del miljøgifter i gjenstandar blir frigjorte og frakta med luft. Vindstraumar tek dei med seg til vår del av verda. Dermed kan giftige stoff frå til dømes asiatisk industri hamna i økosystem i Noreg, meiner forskarane.

LES OGSÅ: Mattilsynet åtvarar mot dette

Etterlyser strengare reglar
– Vi får i oss syntetiske stoff som vi ikkje veit rekkjevidda av enno. Industrien kjem dessverre forskinga i forkjøpet med å utvikla og bruka nye stoff som kan vera farlege, seier Heimstad.

Fagdirektør for mat og handel i Forbrukarrådet, Gunstein Instefjord, etterlyser eit strengare regelverk i Noreg for kva stoff som er lovlege, og kva mengder som skal tillatast. Han viser til at Sverige og Danmark har strengare reglar enn det dei eigne direktiva til EU tilseier. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

LES OGSÅ

ANNONSE