– Må slutta å vera naive

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mange område ungdom ikkje høyrer på foreldra, som til dømes når det gjeld kva musikk dei bør høyra på. Men all forsking viser at når det gjeld rus, så er det foreldra barna høyrer mest på, seier politioverbetjent Svein Arne Hatlevik.

Han seier det er viktig å snakka med barna frå tidleg alder om rus, og få inn gode haldningar.

Les også: Hasjaksjon mot 14-åringar

– Kor tidleg bør ein byrja?

– Yngstejenta mi er 11 år, og vi har allereie snakka om det i nokre år, fortel Hatlevik.

Mange debuterer med rus allereie i 14–15-årsalderen.

Sterke saker
Hatlevik var nyleg på ein konferanse i Oslo, og der kom det fram at det stadig kjem nye sortar hasj som er kjemisk framstilte. Desse er ekstremt mykje sterkare enn den tradisjonelle hasjen, som er framstilt av hasjplanten.

Les også: Narkoaksjonen: – 16-åringar selde hasj til 14-åringar

Det kan vera opp mot 150 kjemiske stoff i ein hasjtype. Hatlevik rår foreldre til å lesa seg litt opp når det gjeld narkotika, slik at dei kan sjå faresignal.

– Det er berre å googla, så finn ein den informasjonen ein treng på nettet, seier han.

– Det nyttar ikkje å vera godtruande. Det er ei sanning at foreldre er ganske naive, og vi vil ikkje tråkka inn når det gjeld barna sine private ting. Har du som forelder den minste mistanke, skulle det berre mangla at ein leitar i skuffar og skap. Dette er skumle saker, ein må gripa fatt i det met med ein gang, er Hatlevik sin klare tale.

Les også: Kjøpte 100 gram hasj på bytur

Han har jobba med rusførebyggjande arbeid i 25 år.

Farleg tendens
Hatlevik understrekar at undersøkingar dei siste åra, syner at det er mykje positivt i ungdomsgruppa vår med tanke på mellom anna alkohol og tobakk, der bruken går ned.

– Vi skal ikkje krisemaksimera, sjølv om det er sørgeleg at vi har så mange namn på lista vår i Nordhordland. Hasj er no meir ungdommen sitt rusmiddel enn alkohol. Det er lettare å bera med seg, og gøyma i lommeboka til dømes.

– Hasj er utan tvil svært skadeleg for helsa. Ungdommar veit ikkje kva dei får i seg. Det er ein farleg tendens, seier Hatlevik.

Les også: – Har du oversikt over kva borna dine møter på i cyberspace?

LES SAKA I NORDHORDLAND!