Widvey vurderer eiga språklov

Venstreleiar Trine Skei Grande etterlyser ein klar språkpolitikk frå regjeringa. Kulturminister Thorhild Widvey vil no sjå på moglegheita for ei ny språklov.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I stortingssalen tysdag fekk kulturminister Thorhild Widvey spørsmål om språkpolitikk frå venstreleiar Trine Skei Grande.

Grande etterlyste ei oppfølging av den omfattande språkmeldinga, som blei drøfta i Stortinget i 2009. Der blei det gitt tilslutning til meir enn 100 prioriterte tiltak. Det er framleis tiltak som ikkje er sette i gang, mellom anna etableringa av ei eiga språklov.

 

LES OGSÅ:Held på sidemål – droppar Mållova

Gjennomgang av norskfaget
– Det er enkelte språkpolitiske referansar i regjeringsplattforma, men det er ikkje klart kva for ein heilskapleg språkpolitikk regjeringa vil føra. På kva måte vil statsråden følgja opp den gjeldande språkmeldinga, spurde Skei Grande i interpellasjonen sin til kulturministeren.

Kulturminister Thorhild Widvey svarte at Kulturdepartementet no vil sjå på moglegheita for å laga ein mest mogleg heilskapleg språklov.

– Det er eit arbeid me vil prioritera, sa ho.

Widvey varsla òg ein gjennomgang av heile norskfaget for å styrkja det som språkfag og for å gjera sidemålsundervisninga meir engasjerande for eleven.

– Me erkjenner at det er behov for særlege tiltak for å styrkja nynorsken, sånn at elevar skal halda på målforma si. Men me er òg opptekne av at dette må skje gjennom stimulerings- og støttetiltak og ikkje gjennom tiltak som kan ha preg av tvang, sa Widvey.

– Dårleg idé
Skei Grande er kritisk til at regjeringa vil fjerna retten på å få svar på brev på eiga målform i det offentlege.

– Dette er ein rett som regjeringa i erklæringa si vil avvikla. Dette ser eg som ein veldig dårleg idé. Korleis ser statsråden det i forhold til dei viktige vedtaka som er gjort for å likestilla dei to skriftspråka, spurde venstreleiaren.

Widvey understreka at sjølv om regjeringsplattforma varslar at regelen om rett til svar på eiga målform skal erstattast med rett for offentleg tilsette til å bruka eiga målform, seier plattforma samtidig at regjeringa vil støtta opp under begge målformer. (©NPK)