Orkla vil at UiO anten skal fjerna seigmenn frå ordboka eller spesifisera at det er eit registrert varemerke.

Faktaboks

Varemerkeloven § 11

• Ved omtale av registrerte merkevarer i lærebøker, leksikon eller lignende, må det oppgis at navnet er beskyttet av registrering, om innehaveren av varen krever det

• Hvis ikke den som er ansvarlig for utgivelsen etterkommer kravet, kan det kreves at de må offentliggjøre en rettelse

• Alt er i skjønneste orden om varemerket gjengis sammen med symbolet ® på en tydelig måte.

Laban Seigmenn

• Kom på marknaden i 1965, då berre under namnet Seigmenn

• Vart først produsert av Kiellands Fabrikker i Oslo, som fusjonerte med Nidar i 1975

• Nidar er ein del av Orkla-konsernet

• Seigmenn fekk namnet Laban Seigmenn etter ein namnekonkurranse i 1999.

Kilde: Lovdata.noWikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

«Seigt sukkerty forma som ein mann». Slik vert ordet seigmann skildra i nynorskutgåva av ordboka som Universitetet i Oslo (UiO) og Språkrådet gjev ut. Dette har fått Orkla, som eig Laban Seigmenn-produsenten Nidar til å reagere, melder Universitas.

LES OGSÅ: Trønderbart i ordboka

Advokat mot seigmann
Ifølgje matvaregiganten er seigmenn ei merkevare som ikkje kan førast opp i Universitetets ordbok som eit vanleg substantiv.

Orkla har via sin advokat sendt eit brev til Institutt for lingvistikk og nordiske studier (ILN) ved UiO, og bedt om at ordet seigmann anten vert fjerna eller at det vert spesifisert at det er eit registrert varemerke.

– Det er viktig for oss å verna om merkevarene våre, skriv kommunikasjonsrådgjevar i Orkla Marthe Schomacker i ein e-post til Universitas. 
Dei syner til paragraf elleve i Varemerkeloven og meiner at seigmenn er ein viss type geléfigurar frå Nidar og ikkje skildrar andre produkt eller ein større produktkategori.

Seigmenn i 30-tallsromanar
Brevet er no sendt vidare til Språkrådet, som skal behandle saka vidare.

Seksjonssjef for språkrøkt og språkrådgjeving i Språkrådet, Daniel Ims, fortel til Universitas at dei ikkje har teke stilling til kva dei skal gjere i denne konkrete saka.

– Generelt i ordbøkene me og UiO er saman om, er det nokre få varemerke som har blitt fellesnamn, til dømes sukett, seier han.

Det er moglegheiter for å markere i ein parentes at ordet opphavleg er eit varemerke, men då må produktet ha vore eit varemerke før det vart ei språkleg fellesnemning
Ut i frå det Språkrådet har funne så langt er dette ikkje tilfellet med seigmenn.

– Ein finn mellom anna at seigmenn er brukt i romanar frå 30-talet, altså før det vart eit varemerke på 60-talet, fortel Ims.

LES OGSÅ: No får du Norsk Ordbok på nett

Fjør i hatten
Seigmenn har vore ein del av Norsk Ordbok sidan 2011 og ein del av Bokmåls- og Nynorskordboka heilt sidan 1986. At produktnamn finn vegen inn i ordbøkene er ikkje uvanleg, men det er sjeldan produsentane vel å gjere noko med det.

Prosjektleiar for Norsk Ordbok 2014, Åse Wetås, meiner at produsentane kan sjå på det som ei fjør i hatten at deira varemerke vert fellesnemningar.  

– Me ser at produkt som er vellukka, som termos, har ein tendens til òg å bli ei fellesnemning, i tillegg til varemerkenemninga, seier prosjektleiaren til Universitas.

Utvatna varemerke
Orkla er ikkje einige i dette.

– Det er fare for at me mister merkevernet dersom det vert tillate at det vert ein del av daglegtalen og ikkje vert følgt opp av oss som varemerkeinnehavar. Det ynskjer me å unngå, skriv Schomacker, som understrekar at ordbokleverandørar som UiO bør følgje Varemerkeloven.

– Me ynskjer ikkje å tillate at merkevara vår vert utvatna, og det er difor me har teke opp denne saka med UiO, skriv ho.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE