Vil leggja ned 20 NAV-kontor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag har alle 33 kommunane i fylket eige Nav-kontor. Får Nav-sjefen det som ho vil, vert det berre fem kontor att i fylket, fortel Bergens Tidende. Dei åtte andre er bydelskontor i Bergen.

LES OGSÅ: – NAV betaler ut feil 10 milliardar

Storkontor
Tanken til Nav-sjefen er å flytta ressursar frå dei små kontora til dei store, der behovet for hjelp og arbeidskraft er større.

– Utfordringa er at ressursbruken på små kontor i dag ikkje gjev ein god nok effekt samla sett. Det dreier seg mellom anna om kompetanse, å ha robuste miljø, spørsmål om tryggleik og korleis vi best kan utnytta ressursane i heile fylket, seier Bogsnes.

LES OGSÅ: – NAV-brukarane er nakne i møte med staten

30 eller 300 brukarar
Ei kartlegging Nav har gjennomført viser at det er store skilnader på arbeidspresset ved dei ulike kontora. Medan ein Nav-tilsett på eitt kontor berre har ansvar for 30 brukarar, kan tilsette på andre kontor ha ansvar for opp til 300.

Nav-sjefen er førebudd på at synspunkta hennar vil vekkja reaksjonar, men meiner likevel det er på tide å diskutera kontorstrukturen i etaten. Ho seier vidare at statleg ekspertutval snart skal evaluera heile Nav, og at arbeidsminister Robert Eriksson (Frp) har teke til orde for å endra på praksisen med eitt Nav-kontor i kvar kommune.