Anbefaler ikkje kaffisyltetøy

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anbefaler ikkje kaffisyltetøy

– Mange trur det er vanskeleg å lage syltetøy. At ein treng mykje tid og mykje bær, men ein treng jo ikkje å lage meir enn eit glas, oppmuntrar Matilde Skår, som fortel at eit glas bringebærsyltetøy kan lagast på rundt ein halvtime.

LES OGSÅ: Lurt å ete tytebær til feit mat

Syltetøykurve
Dei siste åra har ho hatt ei bratt læringskurve på syltetøyfronten.

Våren for nesten tre år sida gav ho seg sjølv ei bloggutfordring: Å lage eitt syltetøy å leggje ut på bloggen sin kvar veke i eitt år. 

Ho hadde laga litt syltetøy før, men ikkje så mykje at det er noko særleg å snakke om. Familien er glade i syltetøy og både mor og farmor har laga litt, men det var faren som vart den verkelege inspirasjonen. Solbær- og stikkelsbærsyltetøy, såkalla solstikk, er spesialiteten hans. Og det kunne umogleg vere så vanskeleg når han fekk det til.

Det vart ikkje fullt 52 oppskrifter, men det vart mykje syltetøy. Etterkvart fekk ho lyst å samle oppskriftene i ei bok.

Slik har ho òg lært seg eitt og anna om forlagsbransjen. Kor lang tid det tek å få avslag og korleis det er når nokon trur på prosjektet ditt og vil satse.

Med mykje ferdigskrive materiale kontakta ho forlag. To små hadde ikkje kapasitet, så ho freista lukka hjå dei større. Cappelen Damm beit på for rundt eitt år sidan og det betyr at ho no er aktuell med boka Syltetøy året rundt.

LES OGSÅ: Trendy matauk

Jordbærljos
26-åringen frå Klepp i Rogaland er av det driftige slaget. Boka vart til parallelt med masteroppgåve i geografi og ny jobb i Kartvesenet i Stavanger. Nokre av bileta måtte ho ta om att, for å få meir variasjon enn på bloggen. Det betyr at mange vinterlaurdagsføremiddagar har gått med til å lage syltetøy, slik at ho har fått nytta dagslyset.  

For det å ta bileta var nesten like mykje jobb som å lage oppskrifter. Det må planleggast, ikkje berre ut frå ljos, men òg sesong. Jordbær er finast på sommaren og rabarbra er ikkje moden før i juli. Så skal syltetøyet lagast og bakgrunnen riggast.

LES OGSÅ: Med Paris på pinnane

Tesyltetøy
Ein kikk på bloggen kan få ein til å mistenkje at den ferske syltetøybokforfattaren har fleire timar i døgnet enn oss andre. Det er mange ulike kreative prosjekt på gang. Sist ein heimestrikka vest til kjærasten. Hobbyane tek tid, men det er ikkje umogleg å få til.

– Eg prioriterer gjerne ned andre ting, som tv. Gjer ein litt kvar dag vert ein til slutt ferdig.

I syltetøyprosessen er det ikkje fritt for at det har vorte litt prøving og feiling. Noko fell i smak, som blåbær og pasjonsfrukt, hennar personlege favoritt. Andre ting vart ikkje ein like stor suksess.

– Eg prøvde med ulike krydder, som kanel og kardemomme. Te i syltetøy er faktisk òg veldig godt. Så skulle eg prøve med kaffi. Det vart beiskt og er ikkje til å anbefale.

Rådet frå rogalendingen er å berre prøve seg fram, både i sylteprosessen og om ein har ein god idé til ei bok.

– Ein må gjerne belage seg på å jobbe ein del, men det er verdt det.