Vil finne ut kva eit sjukehus er

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helseminister Høie vil besøkje fleire sjukehus enn vanleg før han legg fram Nasjonal helse- og sjukehusplan i oktober 2015. Saman med ei prosjektgruppe skal han reise landet rundt på sjukehusturné for å finne ein definisjon på kva eit sjukehus er, skriv Bergens Tidende.

– I dag har vi ei nokolunde klar oppfatning av kva eit universitetssjukehus er. Det same gjeld sentral- og regionsjukehusa. Men på lokalsjukehusnivå finst eit vell av sjukehusvariantar, seier Høie.

I dag finst lokalsjukehus blant anna under namna sjukestove og helsehus, og tilboda varierer sterkt.

– Definisjonen er at dette er ein stad der ein får overnatting og hjelp av spesialhelsetenesta. Nokon nærare definisjon har vi ikkje, seier Høie.

Han seier sjukehusplanen vil vere med på å bestemme den geografiske plasseringa av sjukehusa her i landet.

– Men det samla sjukehustilbodet skal famne alt, frå veldig avansert medisin der vi klarer å redde dei som vi ikkje kunne redde før, til å hjelpe dei som treng kontinuerleg hjelp. Vi må finne ut kva vi skal gjere for å møte alle behova, seier Høie til avisa. (©NPK)