– Å prøve grenser på nett kan vere bra

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vekk med moralisering

– Ein gyllen regel er å aldri ta med hovudet dersom ein sender private bilete av seg sjølv på nett, seier Emilie Egebjerg (16).

Laurdag føremiddag tok ho plass i sofaen framføre publikum i Røde Kors sine lokale i Oslo. Saman med Mikkel Totland (18) utgjorde ho ungdomspanelet under Røde Kors og Medietilsynet Trygg Bruk sin konferanse om korleis nett og mobil påverkar barn og unges seksualitet. Eit gjennomgåande tema på konferansen var eit skifte frå moralisering om risikoar på nett, til styrking av barn og unge sin digitale kompetanse.

Tenkjer seg ikkje alltid om
Sigrid Ryeng Alnes frå Ung Org har intervjua 25 ungdommar frå 13 til 16 år om deira forhold til identitet og seksualitet på sosiale media. Eit av funna var at ungdommane hadde fleire positive enn negative erfaringar på nett.

– Dei fleste ungdommane hadde fleire positive enn negative erfaringar på sosiale media. Somme hadde erfaringar med å leggje ut ting litt for raskt som dei angra på, og mange hadde også opplevd at kommentarar og bilete som dei gjerne skulle ha vore forutan har blitt publisert. Dei var likevel opptekne av at dette ikkje var eit stort problem, sa Ryeng Alnes under konferansen.

Ho undersøkte også kva ungdommane meinte det var greit å leggje ut.

– Dei fleste i mi undersøking hadde eit forhold til lettkledde bilete, særleg på Snapchat. Men også her meinte dei at det ikkje var eit så stort problem, og at foreldre ofte overdriv det negative, sa Ryeng Alnes.

Ungdommane i undersøkinga fortalde også at venene passar på nett, på same måte som i røynda. Ryeng Alnes konkluderte med at ungdommane ønsker å vere sjef i sin eigen nettkvardag, men at vaksne likevel har ei rolle å spele.

– Dei vaksne må sørgje for at ungdommen har den kompetansen og tryggleiken som dei treng, sa ho.

LES OGSÅ: – Gud gjorde ein stor feil

– Grenseutprøving kan vere bra

I ungdomspanelet fortalde Emilie og Mikkel om meir eller mindre gjennomtenkte val på sosiale medium.

– Ein ven av meg sende eit bilete av seg sjølv til fyren ho var forelska i på Facebook. Så vart kontoen hennar hacka og biletet vart sendt til andre, fortalde Emilie.

– Ei venninne av meg sendte eit puppebilete til ein ho var keen på. Så vart det sendt vidare og alle visste det unnateke ho. Eg trur det er veldig individuelt kor mykje ein tenker på risiko på nett, til dømes i forhold til lettkledde bilete eller festbilete, sa Mikkel.

Gry Stordahl frå foreininga Sex og Politikk peika på at grenseutprøving på nett også kan vere positivt.

– På nett og mobil kan ungdom leve ut sin seksualitet og sine fantasiar. Mange av desse moglegheitene er positive, fordi dei kan medverke til at ein finn ut av kven ein er og kva ein likar. Utprøving og grenseoverskriding er ein del av det å vere ung. Samstundes er det viktig med refleksjon rundt eigen seksualitet, og å snakke med barn og unge kan redusere risikoåtferd, sa Stordahl, som er leiar for kampanjen Uke Sex.

Ho meiner at for mykje fokus på risiko ikkje er den beste måten å gripe tak i unge og seksualitet på nett.

– For stort fokus på risiko kjennest ikkje relevant for ungdom. Det svarar ikkje på spørsmåla ein har, og det gir ikkje ferdigheiter som kritisk refleksjon, sa Stordahl.

Også styresmaktene sin tankegang har bevegd seg i denne retninga, ifølgje Stian Lindbøl i Medietilsynet.

– Medan ein for ti til femten år sidan var oppteken av å filtrere nettilgangen til unge, er det i dag større fokus på å styrke barn og unges kompetanse på nett, sa han.

LES OGSÅ:Éin av ti jenter har blitt pressa til sex

Mangelfull og tilfeldig undervisning
Og nettopp styrking av kompetanse var eitt av råda Røde Kors kom med, i ei oppmoding til norske styresmakter.

– For dei som veks opp i dag er ikkje den digitale verda og den verkelege verda åtskild. Barn og ungdom har høg kompetanse når det gjeld sosiale media. Samstundes har dei behov for rettleiing og trygge rammer frå dei vaksne, heiter det i Røde Kors sitt skriv til politikarane.

Røde Kors oppmodar difor den politiske leiinga til å leggje til rette for at foreldre, lærarar og andre vaksne enkelt kan finne oppdatert kunnskap, slik at dei kan rettleie barn og ungdom til å bli trygge på nett. I tillegg ønskjer organisasjonen at unge skal få auka medvit kring det å byggje sjølvidentitet på nett, gjennom refleksjon i skulen.

LES OGSÅ:Biskopen: – Det må vera lov å rota litt

Basert på samtalar gjennom tretti år
Råda er basert på den kjennskapen til ungdommar sine tankar som frivillige i Røde Kors har opparbeidd seg gjennom samtaletilbodet Kors på halsen. Tenesta har vore i drift sidan 1984.

Eit anna råd er å heve kompetansen i seksualundervisninga i skulen, slik at den også omfattar relasjonar og forhold til eigen seksualitet og kropp. I tillegg meiner Røde Kors at også elevar i den vidaregåande skulen bør få seksualundervisning.

– Barn og unge har mange spørsmål om seksualitet. Dei opplever seksualundervisninga som tilfeldig og mangelfull og treng tilgang til god og riktig informasjon, ikkje berre om seksualakta, men også om den kjenslemessige berg- og dalbana som følgjer med, heiter det i Røde Kors sitt skriv.

LES FLEIRE SAKER OM SEX OG SAMLIV HER!

Faktaboks

Råd frå Røde Kors

• Å leggje til rette for at foreldre, lærarar og andre vaksne enkelt kan finne oppdatert kunnskap, slik at dei kan rettleie barn og ungdom til å bli trygge på nett.
• Å auke medvitet kring det å byggje sjølvidentitet på nett, gjennom refleksjon i skulen.
• Å heve kompetansen i seksualundervisninga på skulen, slik at den også omfattar relasjonar, forhold til eigen seksualitet og kropp, og seksualitet på nett.
• Å gi seksualundervisning i vidaregåande skule.
• Å bruke den digitale verda som ein naturleg del av undervisninga, og å gje større rom for tema som kjensler, tankar og relasjonar på og utanfor nett på alle klassetrinn.
• Fleire helsesystrer med meir tid til kvar enkelt elev, slik at alle har nokon å snakke med når dei treng det.