– Har drøymt om kunstnarsamtale i 20 år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Linda Eide er blitt kunstnar

Ho opnar si fyrste utstilling med eigne bilete, ho har fått blokkfløytefantomet Laila Kolve til å spela på utstillinga, og ho får delta i ein «kunstnarsamtale»!

– Eg likar det ordet utruleg godt! Eg trur eg har drøymt om å få vera del av ein kunstnarsamtale i 20 år!

Linda Eide boblar over før si aller fyrste fotoutstilling.

LES OGSÅ: Linda Eide til Vossajazz

To deler
– Utstillinga er i to deler, og begge delene har samanheng med at eg har vore to gonger på kurs hjå Morten Krogvold. Den fyrste delen heiter «Kjernefysisk». Her gjer eg fysiske innhopp i nokre kjernefamiliar, tek mor sin plass, og så har eg teke biletet med sjølvutløysar.

Familiane Linda hoppa inn i, kjem frå Vågå, så denne gongen må vossingane sjå på andre enn seg sjølv. Men eg vil tru familiane i Vågå til forvelsking liknar på familiar andre stader i landet.

Den andre delen har fått den engelsspråklege tittelen «Norwegian kick».

– «Kick» fordi det i stor grad handlar om sparkstøttingen, og engelsk fordi eg prøver å syna noko som er eksotisk for mange andre, men heilt autentisk og normalt for oss.

I denne delen har Linda «berre» teke bileta, her figurerer ho ikkje sjølv som motiv.

– Kan ikkje ta bilete
– Eg er ingen fotograf, men eg tenkjer mykje både på og i bilete. Etter å ha jobba snart 10 år i fjernsynet, har eg kome til at det stort sett er ei vidareføring av måten eg tenkte på i radioen. Eg er ikkje i stand til å ta kunstnarlege foto, men eg eg kanskje i stand til å pønska ut forteljingar i biletet – kanskje forteljingar som gjer at den som ser på opplever noko meir, akkurat som med radioen. Den viktigaste forteljinga er den sjåaren sjølv lagar i sitt eige hovud, når ho eller han ser biletet. Derav «meirfiksjon», som er namnet på utstillinga. Mitt eige ord, forresten.

Undervegs på opninga skal gallerieigar Kjell-Erik Ruud ha kunstnarsamtalen med Linda, samtalen som ho har drøymt om i så mange år.

Verd billetten
Ein annan draum for Linda er at ho har fått fløytisten Laila Kolve til å spela på utstillingsopninga i Basement fredag kveld.

– Eg drøymer som kjent om at blokkfløyta skal få sin rettkjende plass i folk sitt medvit, og då er få betre skikka enn Laila til å betra blokkfløyta sin status. Også her snakkar me om «meirfiksjon» – korleis eit instrument alle kjenner og kanskje har eit traumatisk forhold til, kan vera opphav til så vakker musikk.

Laila Kolve har insistert på at ho og Linda skal framføra ein duett, eit krav Linda er svært audmjuk overfor.

– Me har øvd, men eg kan lova alle at Laila skal ha ei heilt eiga avdeling òg. Den åleine er verd heile inngangsbilletten! Forresten, det er visst gratis å koma inn. Så då er konserten med Laila verd inngangsbilletten dei ikke betaler!

Les saka i Avisa Hordaland!