Redd kutt vil føre til færre nynorskbøker

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar færre nynorskbøker

– Den nynorske litteraturstøtta er ei av dei ordningane som vert hardast råka av kutta til Kulturrådet, seier leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø i ei pressemelding. I dag kompenserer denne stønadsordninga for at den norske marknaden er vanskelegare for nynorskbøker enn for bokmålsbøker. Om færre utgjevingar no får støtte, er Mållaget redd fleire bøker som kunne verte gjevne ut på nynorsk, vert gjevne ut på bokmål fordi det er eit tryggare val for forlaga.

Noregs Mållag er skuffa over at Kulturrådet no ser seg nøydd til å kutte produksjonstilskotet til nynorsk litteratur med heile 1,1 millionar. Kuttet skjer etter at regjeringa har kutta 10 millionar i støtte til Kulturrådet.

LES SAKA: Kulturrådet kuttar mest i nynorsken

I dag er mange nynorskbøker frå dei minste forlaga heilt avhengige av den nynorske litteraturstøtta for å kome ut i marknaden. Utan støtte vert mange viktige prosjekt liggjande i skrivebordskuffa.

For nynorskbrukarane er god tilgang til nynorsk tekst heilt avgjerande for å kunne halde på språket sitt. Difor er ordningar som den nynorske litteraturstøtta viktig.

I 2013 fekk over 30 bøker tilskot frå ordninga. Utan dei hadde det òg vore 30 bøker mindre som kan konkurrere om plass i innkjøpsordninga og den vide spreiinga bøkene får der.

Ifølgje Språkfakta 2010 har 6,8 prosent av alle bøkene som er gjeve ut i Noreg etter 1990 vore nynorske bøker. 81,1 prosent har vore på bokmål.

Les siste nynorsk-nytt her!