Større kommunar = betre tilbod

Marit Nerås Krogsæter
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Storleik = betre tilbod

Det skjer mange store endringar i samfunnet vårt og mange er til det betre. Nye tankar trengst i eit samfunn i endring, men litt rotfeste kunne ikkje skada. I dag har me politikarar i Oslo som meiner me treng ei kommunereform og som ivrar etter å teikne eit nytt Noregskart. Eg har sjølv teikna eit nytt fylkeskart over heimfylket, men det var berre fordi eg likar å teikne strekar.

Det er ei kjennsgjerning at det er innbyggjarane i dei fire største byane i landet som er minst nøgde med dei kommunale tilboda. Ei undersøking som DIFI (Direktoratet for forvaltning og IKT) gjennomførte i 2012 og 2013 viser at det er dei som bur i kommunar med under 5000 innbyggjarar som er mest nøgde. Desse kommunane gjer det godt på kjerneoppgåvene som omsorg og oppvekst, medan storkommunane er leiande på samferdsel og arbeid. Den viktigaste oppgåva til politikarar er å sikre innbyggjarane eit trygt og stabilt velferdstilbod. Dette viser at ein ikkje kan setje likskapsteikn mellom samanslåing til større kommunar og kvalitet.

Det er positivt at nye samferdselsløysingar knyt landet tettare saman og utvidar bu- og arbeidsmarknadsregionane. Ei utviding av desse regionane dreg med seg spørsmål om kommunegrenser og større robuste kommunar. Sjølv har eg problem med ordet robust, fordi det seier ingenting om kva ei slik samanslått kommune skal tilby innbyggjarane sine. Regjeringa har sagt at dei ynskjer ei kommunereform, men dei skal verken spare pengar, bruke tvang (kanskje litt då) eller leggje ned fylkeskommunen. Kva er då argumentet for å slå saman kommunar når ein ikkje veit kva oppgåver desse nye stor-regionane skal ta seg av? Og kvifor kan ein ikkje høyre med kommunane og lokalsamfunnet kva dei ynskjer?

Eg set spørjeteikn ved kor mykje politisk styring ein får dersom ein slår saman mange kommunar til ein stor. Det vert færre folkevalde på fleire veljarar og det vert lengre avstand mellom der folk bur og dei som styrer. Avstand til kommunesenteret er ikkje naudsynt ei ulempe, så lenge alle saman får dei tilboda dei har rett til og innan rimelege avstandar, men det har ein symbolverdi for dei som vel å nytte røysteretten. Vil ei regionalisering av kommunar føre til at det lokale engasjementet forsvinn og at det er færre som nyttar seg av røysteretten?

Eg tykkjer det er utruleg spanande å sjå på nye måtar å organisere samfunnet på, men den iveren Regjeringa har til å slå saman kommunar berre for å gjere det, har eg ikkje trua på. Eg ynskjer ein kommunesamanslåingsdebatt velkomen, så lenge utgangspunktet er lokale ynskjer og lokaldemokrati som står i sentrum og ikkje ferdigteikna kart frå hovudstaden. Større kommunar kan vere bra, så lenge ein sørgjer for at innbyggjarane har høve til å bu og leve der ein vil og ha gode og tilgjengelege velferdstilbod.