Samferdselsdepartementet ber om orsaking for seint svar til ungdomsrådet i Fyresdal.

Svein Olav B. Langåker

To og eit halvt år etter at Fyresdal ungdomsråd vedtok å arbeida for at det skal bli mogleg å ta teoriprøva for førarkort andre stader enn på trafikkstasjonane til Vegvesenet, ventar dei enno. Både i mai og september i fjor etterlyste dei svar frå Samferdselsdepartementet, utan å høyra eit pip.

LES OGSÅ: Heilt stille i teoriprøvesaka

Men etter at Vest-Telemark Blad først skreiv om saka i dag, har departementet no fått opp farten. I dag svarar dei i brev til ungdomsrådet:

– Samferdselsdepartementet beklagar sterkt at me ikkje har svart på brevet. Me ser saman med Vegdirektoratet nærmare på problemstillinga i lys av Statens vegvesens arbeid med utvikling av ein brukarstrategi for trafikant- og køyretøyområdet, det generelle effektiviseringsarbeidet til etaten og vidareutviklingen av datasystem for vegvesenet. Me vil koma tilbake med eit svar i løpet av kort tid, skriv departementet i eit brev til ungdomsrådet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

ANNONSE