Leiarstrid i MDG

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 06.12.2017 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiarstrid i Miljøpartiet Dei Grøne

Denne våren skal Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) ha sitt første landsmøte som stortingsparti. Då skal dei ta stilling til om dei skal gå bort frå modellen med to nasjonale talspersonar, og heller velje ein leiar og ein nestleiar, skriv Klassekampen.

LES OGSÅ: Vil slå saman MDG og SV

Fem kandidatar
– Det er tradisjon for talspersonmodellen i grøne parti over heile verda, men eg høyrer nok til ein litt tradisjonell skule og set pris på den klassiske leiarmodellen, seier partiet sin første og einaste stortingsrepresentant Rasmus Hansson til Klassekampen.

Han er ein av fem kandidatar som har meldt seg til dei to verva som nasjonal talsperson. Dei andre kandidatane er Hilde Opoku, Hilde Lengali og dei noverande talspersonane Harald Nissen og Hanna Marcussen.

Den nye kandidaten Hilde Lengali har vore partisekretær, starta MDGs kvinnenettverk og leidd arbeidet med nytt prinsipprogram, medan Hilde Opoku er kjent frå lokalpolitikken i Trondheim.

LES OGSÅ: Flest veljarar bak Rasmus Hansson

Seks års vekst
Rasmus Hansson stilte mot Marcussen då MDG skulle velje stortingskandidat frå Oslo, og trakk då det lengste strået.

I tillegg til å ta stilling til nye leiarar og ein ny leiarmodell, skal partiet på landsmøtet 25.-27. april avgjere om talspersonane kan sitje i over seks år.

Noverande talsperson Hanna Marcussen har allereie hatt vervet i seks år, og er avhengig av ei endring i vedtektene for å kunne fortsetje.

Partiet har i løpet av desse seks åra hatt ei massiv medlemsauke frå 300 til 6000 medlemmer.