Fekk P2-lyttarane sin romanpris

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk P2-lyttarane sin romanpris

– Fleire av dei som har meldt boka eller lest meldingane deira, har meint at eg er ingen romanforfattar, men ein morosam essayist. Til dei vil eg no berre seia «fuck you!». No skal eg skrive fleire romanar, seier Agnes Ravatn til NRK.no, etter at det laurdag vart klart at ho har vunne prisen.

LES OGSÅ: Alvorsprat med morosam dame

Folkets bok
Finalistane til P2-lyttarane sin romanpris er vald ut av ein fagjury, før det er eit panel av leseglade lyttarar som har fått i oppgåve å kåre den beste norske romanen i 2013.

I si grunngjeving for nominasjonen av «Fugletribunalet» skreiv fagjuryen:

«Med «Fugletribunalet» tek romanforfattaren Ravatn oss i ei ny, og kanskje litt overraskande retning – utan å gje slipp på sitt helt særeigne, komiske talent.»

Romanen handlar om NRK-programleiaren Allis Hagtorn, som forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Mellom desse to utviklar ting seg til det nokon skildrar som ein erotisk thriller, utan at det finnast ekslisitte sexscener mellom permane.

Ravatn vart kåra til lesarane sin favoritt framfor «De usynlige» av Roy Jacobsen, «Mørke grener» av Nikolaj Frobenius, Nina Lykke si «Oppløsningstendenser», «Setningsskade» av Lajla E. Lorentzen og den kritikarroste «Vi ses i morgen»  av Tore Renberg.

Mellom alle dei nominerte var det altså den einaste nynorske romanen som stakk av med sigeren.

BOKMELDING: Som å bruke pose i sekkeløp 

Lyttardiskusjon
Lyttarjuryen har diskutert alle dei nominerte bøkene i Kulturhuset på P2, noko Ravatn tykte var svært interessant å høyre.

Om Ravatn si bok sa lyttarjuryen mellom anna at:

 – Forfattaren har nærast laga eit laboratorium på sida av verkelegheita for å følgje tilnærminga mellom dei to hovudpersonane. Dei har båe noko dei vil skjule. Dialogen er knapp, samstundes som Ravatn tøyer grensene i sitt eige univers til det maksimale. Boka nærar seg ein skrekk-roman, og uhyggefølelsen forsterkast av at forfattaren flettar inn mytologisk stoff om Loke og Balder og ein diskusjon om skuld og straff frå Magnus Lagabøtes tid. Det ytre landskapet skaper ei truverdig ramme, men det er hovudpersonane sitt indre landskap som vert det interessante.

Ravatn fekk prisen under ei utdeling på Litteraturhuset i Fredrikstad sundag.

Faktaboks

Agnes Ravatn (1983)

• Forfattar og skribent i Dag og Tid og Dagbladet

• Frå Ølen i Hordaland

• Debuterte som romanforfattar med Veke 53 (2007)