Salsrekord for gamalosten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meierisjef Per Henning Liljedahl frå TINE Meieriet Vik, der osten vert laga, trur ny forsking og ekte opphav er viktig for salet.

Forsking
– Eg trur salsrekorden heng saman med doktorgraden til Tahir Mahmood Qureshi, som fekk mykje merksemd i fjor. Eit helsestudie på 200 personar viste at gamalosten kom svært gunstig ut. Dessutan er jo forbrukarane stadig meir opptekne av lokalmat med norsk opphav, og «Gamalost frå Vik» er ei beskytta nemning, som garanterer ekte vare lagd på tradisjonelt vis. Me ser òg at stadig fleire kokkar tek i bruk gamalost som ingrediens i nye rettar. Alt dette har gjeve denne tradisjonsrike osten eit oppsving, meiner meierisjefen.

Garantert ekte
Gamalost frå Vik er ein beskytta nemning som inngår i ein offentleg merkeordning som skal sikra at norske matskattar får den beskyttelsen og anerkjenninga dei fortener.

– Me er veldig nøgde med salsauken av denne nasjonale matskatten, seier direktør i Matmerk, Nina Sundqvist.

Saka var først publisert i Sogn Avis.