Får ein ungdom først skrive ut medisinar mot søvnløyse, angst eller depresjon, kan det føre til mange års samanhengande medisinbruk.

NPK
NPK
Faktaboks

Talet på brukarar av antidepressiva varier stort frå kommune til kommune. Av innbyggjarar under 45 år, er det mellom 6,8 og 1,3 prosent som bruker antidepressiva. Størst tal på brukar i 2010-2012 var det i Frosta, Søndre Land og Venstre Toten, medan det var færrast i Fosnes, Hornindal og Hemsedal.

LES FAKTALUKK FAKTA

Over 25 prosent av dei som rapportere psykiske lidingar som 15-16-åringar, får framleis skrive ut reseptar på psykofarma når dei er 25 år gamle, skriv Forskning.no.

– Dette er urovekkjande. Desse ungdommane må få betre oppfølging i helsevesenet, meiner Anne Kjersti Myhrene Steffenak ved Høgskolen i Hedmark.

Doktorgradsforskinga hennar viser at ungdommane meiner dei manglar tilgang til profesjonell støtte i helsetenesta og får dårleg oppfølging av medisinbruken.

LES OGSÅ: – Norsk ungdom har det sjukt bra

Djupneintervju med ungdommar som slit tungt psykiske, viser at fleire opplever at fastlegen berre brukar 15 minutt på konsultasjonen med dei. Deprimert ungdom fortel at dei sjølve må leite seg fram på nettet for å finne ut kva medisinen gjer med kroppen deira

– Ungdommar fortel at dei berre kan ringe til legen for å få fornya resepten på antidepressiva, utan å bli kalla inn til ny samtale, fortel forskaren. (©NPK)

Les fleire saker om psykisk helse her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE