Oljeforsking kan bli stempla som uetisk

– Klimakrisa gjer forsking for å utvinne meir olje uetisk, meiner UiB-professor.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan bli stempla som uetisk

Forsking som gjer det mogleg for oljeselskapa å hente opp meir olje og gass kan bli stempla som uetisk. Universitetet i Bergen vil ha svar på problemstillinga frå Den nasjonale forskingsetiske komité for naturvitskap og teknologi.

– Klimakrisa gjer forsking for å utvinne meir olje uetisk, meiner UiB-professor Peter M. Haugan. Ifølgje Bergens Tidende har Universitetet i Bergen stilt spørsmålet om petroleumsforsking generelt. Derfor vil svaret frå komiteen, som skal vere klart i april, ifølgje komitéleiar og NTNU-professor Øyvind Mikkelsen bli retningsgivande for all petroleumsforsking her i landet. Konkluderer komiteen med at slik forsking er uetisk, vil det kunne få store konsekvensar for norsk oljeindustri.

– Vi har bedt komiteen vurdere dei ulike aspekta ved petroleumsforskinga. Det handlar om å ta vare på miljø og naturmangfald, men også om velferd: Vi veit at energi er viktig for velferda, ikkje minst i fattige land, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen.

Forsking som direkte eller indirekte tener oljeindustrien blir i dag driven på dei fleste norske universitet, med hovudtyngda i Bergen, Trondheim og Stavanger. Forskinga er finansiert over universitetsbudsjetta, frå staten gjennom Forskingsrådet og av oljeselskapa. (©NPK)

Les siste klimanytt her!