– Bruk av målform bør gjerast til æressak

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nynorsk, ei æressak

Diktaren Jon Fosse har utfordra Norsk PEN til å støtte journalistar som vil bruka si eiga målform i aviser og andre media. Sist veke gjekk Fosse ut og kalla det ei krenking av ytringsfridomen at journalistar ikkje får skrive på si eige målform i aviser som Aftenposten. Uttalen kom etter at eit intervju med han skriven på nynorsk for Bergens Tidende blei omsett til bokmål i Aftenposten.

LES SAKA: Fosse ut mot språktvang for journalistar

– PEN International har lang tradisjon for å forsvara språklege rettar, ikkje minst for minoritetsspråk. Norsk PEN meiner Fosse har rett: journalister i Noreg bør få høve til å velja fritt mellom bokmål og nynorsk der dei jobbar, heiter det i ein uttale frå organisasjonen.

– At Harald Stanghelle i Aftenposten nyleg skreiv ein kommentar på nynorsk, tyder på ei oppmjuking av ein forelda praksis, medan omsetjinga av intervjuet med Fosse i same avis tyder på det motsette. Me vonar at norske media vil gjera sitt for at journalistar skal ha større språkleg fridom i åra som kjem, heiter det vidare i uttalen.

LES OGSÅ: Avisa “Nynorsk” er størst

Leiaren i Norske PEN, William Nygaard, trur ikkje på at ei lovregulering er den rette vegen å gå.

– Viss ein må gå så langt som å bruka lovheimel, så er det alltid eit nederlag for fridomen, også for ytringsfridomen. I staden burde spørsmålet om bruk av målform gjerast til ei æressak i alle redaksjonar, seier den tidlegare forlagssjefen i Aschehoug til Klassekampen.

LES OGSÅ:Nynorskbrukarar takkar BT