Å kalle nokon nazist i Israel kan kome til å verte straffa med eit halvt års fengsel eller ei bot på 170.000 om eit nytt lovforslag vert vedteke.

mm

Den israelske regjeringa støttar forslaget som kjem frå den folkevalde politikaren Shimon Ohayon frå det nasjonalistiske regjeringspartiet Israel Beiteinu, melder NRK.no.

LES OGSÅ: Jødehatet på frammarsj i Europa

– Mot uansvarlege ytringar
Lovforslaget inneber òg at det vert forbode å seie at ei støtter nazistane sitt mål og uttrykke at ein er skuffa over at dei ikkje lukkast.

– Ytringsfridomen har kryssa alle grenser no, og me må verne oss mot uansvarlege ytringar som skadar folk, meiner Ohayon, som då i første rekkje tenkjer på å verne dei overlevande etter holocaust.

Berre i undervisning, dokumentasjon og forsking skal ein kunne nytte nazi-ordet og andre uttrykk og effektar knytt til holocaust.

Målet med lovforslaget er mellom anna å forby demonstrantar å ropa «nazist» til politi og soldatar.

LES OGSÅ: – Ei kjensle av tilhøyrsle

Nazist-skuldingar
Myndighetene vil òg ha slutt på at misnøgde israelarar og ultraortodokse jødar kler seg opp i kopiar av fangedrakter frå Auschwitz med gule davidsstjerner under demonstrasjonar.

Ifølgje NRK er det sannsynleg at Netanyahu-regjeringa med dette ynskjer å stanse skuldingar frå venstresida om at myndigheitene «opptrer som nazistar» ovanfor palestinarar og afrikanske asylsøkjarar.

Men nazistiske symbol har vorte brukt for å angripe politiske motstandarar frå fleire hald. Israels statsminister Benjamin Netanyahu har sjølv omtalt Irans førre president Mahmoud Ahmadinejad som «vår tids Hitler».

LES OGSÅ: 1 av 6 har blitt trua for ytringane sine

Redd for ytringsfridomen
Kritikarar av lova peikar på at ho kjem altfor seint om det skal vere med tanke på å verne overlevande etter holocaust. Forslaget har òg fått kritikk for å innskrenka ytringsfridomen.

I første runde i den israelske nasjonalforsamlinga, Knesset, fekk lovforslaget støtte frå 44 av dei 120 representantane, medan 17 stemte imot.

Men lova må gjennom fleire diskusjonar, komitear og stemmerundar før ho eventuelt vert vedteke. Eit liknande lovforslag vart nedstemt i 2012, ifølgje britiske The Guardian.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

ANNONSE