Senterungdommen i Rogaland vil forby kjøp av tobakk i Noreg for alle fødde etter år 2000.

NPK
NPK

– Ved ei slik utfasing av tobakk i Noreg tar vi førebygging og reduksjon av tobakksbruk på alvor, heiter det i forslaget som blei vedtatt av ungdomspartiet i Rogaland.

Vedtaket blir sendt til behandling av Senterungdommens landsstyre kommande helg, skriv Stavanger Aftenblad.

– Senterungdommen vil ikkje lenger at det norske samfunnet skal leggje til rette for at barn i dag skal røykje bort helsa si, seier Hanne Marte Vatnaland, leiar i Senterungdommen i Rogaland. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

Kommentarar

ANNONSE