Eg trur på eldsjelene i lokalsamfunnet.

mm

Denne veka har nyhendebiletet vore prega av sterke, brutale bilete frå brannen på Lærdalsøyri. Folk strøymde frå heimane sine, og var usikre på om husa deira kom til å stå til morgongry. Det einaste dei kunne gjere var å håpe, for brann køddar ein ikkje med, men brannen vil aldri klare å hamle opp med eldsjela i lokalsamfunnet. Då skal brannen få smake på korleis smerte, bygde – og heltemot smakar.

Medan ein spring i eit vilt mareritt frå dør til dør og åtvarar folk om at brannen kjem, er hovuda deira opp-ned, og det vert vanskeleg å tenkje i augneblinken, lettare å reagere. Men ein tanke er kanskje felles hjå dei alle; må varsle mine næraste – mi bygd, mitt blod. Og medan andre rundt om i vårt langstrekte land kanskje lurer på ”jøss, hvor er denne Lærdal”, spring fleire brannmenn og andre eldsjeler rundt i virvlar av skremmande vind og eldkuler. Samstundes er det så stille. Det vert skildra som eit inferno utan like.

”Ja, eg var så trøytt at eg la meg til å sove litt. Eg la meg med klede og hadde pakka baggen min, slik at eg var klar. Maria og Malin, søstrene mine, la seg nedpå litt dei òg. Når klokka slo tre om natta høyrde me kraftig banking utanfor. Eg trudde det var vinden, men etter kvart byrja eg å lure på om huset brann. Eg kasta meg ut av senga og sprang ned i gangen. Utanfor stod Røde Kors og naboen vår. Eg var så redd. Så fekk eg med meg søstrene og besteforeldra mine ut i bilen. Eg har aldri vore så skjelven og kald før. Straumen var jo gått òg, så me såg ikkje noko. Når me kom ut i bilen vart me køyrd opp til Håbakken der me måtte overnatte på nokre trestolar. Og så måtte me ha med hunden vår, Dennis.” Dette fortel 16-år gamle, Helena Sæbø Nes, som var på besøk hjå besteforeldra hennar den natta. Ho kjende på ekte frykt. Frykta av å miste sine næraste. I denne storbrannen var heldigvis tal døde null.

Husa brenn ned raskare og raskare. Flammane er inne i sin villaste vals. Fotoalbum, harddiskar og kosebamsar frå langt bak i tid og minner frå nokre timar sidan, forsvinn raskt og grådig inn i levebrødet til brannen. Dei hadde alle blitt skapt der, på Øyri.

Dette er eit skrik om at me treng eit sterkt og effektivt politi, handlekraftige brannmenn og ein nær ambulanse. Ein skal ikkje vere redd for å bu på det ein skulle trudd var Noregs tryggaste plass, Øyri.

Men likevel handlar ikkje dette berre om den offentlege beredskapen. Det handlar òg om alle dei eldsjelene som til ei kvar ulukke bidreg, gjev av seg sjølve og deltek. Ikkje berre fordi dei må, men fordi dei kan og fordi dei vil. Vilje og risiko er den største styrke til meistring.

Aleksander Offerdal, 18 år, mista huset sitt, han skildra situasjonen som kaotisk. ”Det var som om eg ikkje trudde det. Det kan ikkje samanliknast med det ein ser på film. Alle sprang rundt og gjorde eit eller anna for å hjelpe. Sparka inn dørene til eldre folk for å få dei ut. Uansett kor du gjekk, såg du flammar og gneistrar. Og ikkje minst var heile sentrum som ei boble. Ei boble av røyksky, gneistrar, oske, og flammar. Og ikkje minst av all beredskap som var med og gjorde sitt beste.”

Korleis vil Lærdal klare seg vidare? Nokon vil sjå på det som eit vanskeleg spørsmål å svare på, andre tek det som ei sjølvfylgje at Lærdal vil reise seg mannsterke att. Dei er knytepunktet mellom aust og vest, og syter for å minne på alle som skal over fjellet at det er i Lærdal den siste butikken og bensinstasjonen før fjellet er. Når dei minner oss på slikt, tykkjer eg me alle kan minnast dei eit par sekund, minutt òg kanskje. Eg trur ikkje på eit evigvarande inferno, men eldsjeler i lokalsamfunn som vel å ta ein risiko, danse litt med flammene og redde det som reddast kan.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

Kommentarar

ANNONSE