– Bygdene kan vere avfolka innan 2030

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bygdene kan vere avfolka i 2030

Dietz har på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet granska næringsutviklinga i Nord-Noreg og andre kystperler med hovudvekt på reiseliv og opplevingar.

Under miljøkonferansen «Grønn Fjord 2020» i Geiranger som går føre seg i desse dagar, fortel Dietz om spådommane.

– Du kan seie at vi prøver å forstå framtida før ho kjem og slår oss i andletet. Det ville vere uansvarleg å ikkje tenkje at om denne sentraliseringstendensen held fram utan for mange korrigeringar, vil ein kunne få avfolka bygder fleire stader, seier Dietz til NRK Møre og Romsdal.

– Paradoksalt nok kan bygdene etter dette verte ein slags attraksjon for turistar. Det kan ein like eller mislike, men det er i alle fall verdt å tenkje på, seier Dietz. (©NPK)

LES OGSÅ: – Framtida står på spel for distrikta