– Ein kan lære seg kva som helst på internett

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Speler piano med rørsler

– Tøft! Det der må eg òg prøve!

Ein liten gut kriblar etter at det skal verte hans tur. Det er heilt tydeleg at Kristian Pedersen (24) sitt skaparverk vekkjer fascinasjon mellom publikummarane på Maker Faire i Oslo.

Laga eigen billeggversjon
Eigersundaren har laga sitt eige Kinect-piano med enkle verkty. Han lot seg inspirere av eit musikkterapiverkty som er skapt for at funksjonshemma, som skal kunne lage musikk med den minste rørsle.

– Det kosta 3000 pund, så eg kjøpte eit Kinect-kamera og laga mitt eige.

Kristian, som har ein bachelorgrad i medieteknologi, er ikkje heilt ukjent med teknologiske verkty. Han har mellom anna komponert musikk elektronisk i mange år.

Likevel, forklarar han, er han ikkje heilt stø på koding. Då er det fint at det finst verkty der ute, som let ein arbeide på overflata for å få det resultatet ein vil ha. Til Kinect-pianoet nytta han eit program kalla Vvvv.

LES OGSÅ: – Som å spele eit heilt orkester åleine

Ei hands verk
Pianoet laga han på fritida, og no er han i gang med ein mastergrad i interaksjonsdesign ved Høgskulen i Gjøvik.

Hans eige Kinect-piano er ikkje like detaljert som originalen. Det går berre ann å spele med ei hand og fleire personar i biletet forstyrrar kameraet, men det er ting som kan endrast på.

Kristian er van med å leike seg med teknologi. Han har mellom anna brukt eit Kinect-kamera til å få dataen til å spele musikk når han fleksar musklar og å vrikke på kroppen for å få til ulike tastekombinasjonar. Det er han, ikkje datamaskina, som er hjernen.

– Datamaskinar er jo stokk dumme, så det er me som må gjere dei smarte.

LES OGSÅ: Virtuell natur gjer oss godt

Internettlærdom
Å skape slike ting treng ikkje vere så vanskeleg, skal me tru 24-åringen.

– Ein kan lære seg kva som helst på internett og Youtube.

På videokanalen har han vorte inspirert av andre. Ein person, som kopla eit Kinect-kamera til eit fire etasjars orgel, gjorde inntrykk.

Han meiner det er viktig at folk som vil prøve seg ikkje ser på teknologien som skremmande og vanskeleg. Tusenvis av menneske maktar å lære seg nye ting kvar dag.

Og skaparverket til Kristian fasinerer unge som gamle.

– Mormor var her inne og prøvde det, ho var kjempeentusiastisk, smilar skaparen.

LES OGSÅ: Teknologien som vil endre liv

Sjå demonstrasjon av Kinect-kameraet i vindauga under: