– Vi vil gjere ein forskjell

Barnehagar og skular i Møre og Romsdal gjorde seg attraktive for lærarstudentane ved Høgskulen i Volda.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nei, kvifor studerer vi det vi gjer. Eg trur det handlar om at vi ønskjer å gjere ein forskjell i samfunnet. At vi kan vere med å undervise og forme framtidas barn og unge, seier Adrian Hoff.

Han studerer praktisk pedagogikk ved Høgskulen i Volda, og siktar seg inn mot ei karriere i skulen.

Stort behov
Rektor Per Halse oppmoda onsdag studentane om å gripe sjansen dei får ved at arbeidsgivarar frå fleire kommunar i Møre og Romsdal prøver å sikre seg framtidas lærarar. Samfunnsforskar Jørgen Amdam har rekna ut at fylket har behov for 300 lærarar kvart år framover, fordi fleirtalet av lærarane i dag er over 55 år. Høgskulen i Volda har om lag 400 studentar knytt til barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, faglærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning i dag.

– Vi rekrutterer ein stor del av studentane frå vår eigen region, og dei fleste av dei er også i arbeid i regionen i to og fem år etter. Det er det gjort undersøkingar på, seier Halse.

Det gjeld også studentar som kjem utanfrå.

– Difor er det ikkje tvil om at utdanninga i Volda er viktig. Statistikk viser nemleg at dei som reiser til større byar for å studere, gjerne vert verande.

LES OGSÅ: Lærarstudentar vert verande

Flest kvinner
Rekrutteringa til lærarutdanningane i Volda er god, men har plass til fleire. Og særleg har Halse merka seg at det er særleg damer som vel denne retninga. I alle fall blant dei som ønskjer å jobbe med dei minste barna.

– På barnehagelærar er det flest damer, og også for utdanninga som er retta mot barneskulen, fortel han.

Adrian Hoff stadfestar denne statistikken. Han og kameratane Mathias Bang Tøndevold og Åge Staurset siktar seg alle inn mot ungdomsskulen eller den vidaregåande skulen.

– Kvinnene er kanskje tradisjonelt meir emosjonelle enn oss, trur Hoff, som ei muleg forklaring på at damer gjerne vil jobbe med yngre barn.

At dei er sikra jobb etter enda utdanning er nær sagt sikkert. Spørsmålet er berre kvar dei endar opp.

– Etter fem år i Volda ser vi ikkje vekk frå at vi kan slå oss ned her, kommenterer dei.

Det er tredje året Høgskulen i Volda og GNIST-partnarskapen i Møre og Romsdal arrangerer «Ut i jobb-dagen» i Volda. GNIST er ein nasjonal dugnad i regi av Kunnskapsdepartementet for å utdanne, rekruttere og halde på dyktige lærarar.

Skular og barnehagar gjorde seg attraktive for lærarstudentane i Volda onsdag.

Les saka i Møre-Nytt!