Kamp kring ei tom krubbe

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Liv Signe Navarsete gjev seg som senterpartileiar, men striden om leiarskapen i partiet er langt frå over. Heile sentral-leiinga skal veljast på nytt i eit ekstraordinært landsmøte i april. Denne soga minner meir og meir om ein episode av Game of Thrones. Kva er det som går føre seg?

At dårleg personkjemi, særleg mellom Liv Signe Navarsete og nestleiar Ola Borten Moe, har medverka til rabalderet, er openbert. Ein serie mistak og nokre raseriutbrot har òg gjort sitt til å felle Navarsete. Men personkjemi og tabbar er sjeldan nok til å løyse ut så stor strid som dette i eit parti.

Så kva stridest senterpartifolket eigentleg om? Litt av forklaringa er truleg frustrasjonen over å vere kasta ut i avmektig opposisjon, etter åtte år som regjeringsparti med stor innverknad på politikken. I medgang er det lett å vere vener, det er verre når alt peikar nedover.

Valresultatet i fjor på 5,5 prosent var det dårlegaste i partihistoria. Og den nådelause evalueringa av valkampen til partiet råka alle toppleiarane. Men heller ikkje dette er nok til å forklare striden i partiet no. SV har lide ein liknande lagnad utan å starte borgarkrig.

Somme kommentatorar har framstilt dette som ein regional strid mellom trønderar og vestlendingar. Men den analysen rekk heller ikkje særleg langt: Det er ikkje noko nytt at dei sterkaste Sp-regionane ønskjer å ha sine eigne folk representerte i partileiinga.

Det finst nok eit litt sterkare konservativt drag i partiet i Trøndelag, men det er ikkje lett å sjå at Trøndelags-Sp står for ein vesentleg annan politikk enn Vestlands-Sp. Og også vest-lending-ar og innlendingar likar Marit Arnstad.

«Dyp politisk konflikt»
Den einaste sentrale Sp-politikaren som har skildra konflikten som politisk, er stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen.

«Striden handler ikke om personene, men om en dyp politisk konflikt», sa Lundteigen til VG 11. januar.

Han har sagt at problema dels botnar i organisasjonskulturen. På 90-talet melde fylkeslaga og representantane politiske krav oppover i organisasjonen. Dei siste åra har ein vore mest oppteken av å applaudere leiinga, meinte Lundteigen. Han har elles trekt fram landbruksmeldinga i 2011 og nedlegginga av cellulosefabrikken på Tofte  i fjor som vanskelege saker for partiet.

Oljestrid
Det er likevel ikkje lett å sjå einskildsaker med sprengkraft til å splitte partiet så djupt. Petroleumspolitikken peikar seg ut som det mest omstridde feltet i Senterpartiet dei siste åra: Som olje- og energiminister var Ola Borten Moe ein uvanleg entusiastisk talsmann for interessene til olje-næringa, og han erklærte nærast krig mot miljørørsla. Dette gjekk dårleg i hop med den grøne profilen til Senterpartiet. Moe ønskte òg å opne Lofoten og Vesterålen for petroleumsverksemd, men den ideen leid eit klart nederlag på landsmøtet til Senterpartiet i fjor.

Men intern strid om ei politisk sak er ikkje noko uvanleg og er fullt mogleg å handtere på alminneleg partidemokratisk vis. Dei fleste norske parti har saker å stri med som er minst like vanskelege. Somme av dei har til dømes levd greitt med å vere både for og mot norsk EU-medlemskap. Det problemet slepp i det minste Senterpartiet.

Eit liberalt parti?
Eit meir interessant spor finst kanskje i eit anna tilfelle der Ola Borten Moe skapte strid i partiet. I 2009 publiserte han kronikken «Nei til SV-staten» i Verdens Gang. Kronikken fekk mest merksemd – og kritikk – som eit hardt åtak på mykje av politikken til regjeringspartnar SV. Men vel så viktig var det at Moe slo fast at Senterpartiet skulle vere eit liberalt parti. Han ønskte å avgrense makta staten har over både borgarar og sivilsamfunnet, og han hylla næringsfridom, individualisme og marknadsøkonomi.

Dei tankane Moe la fram i kronikken, har nokre røter i historia til Senterpartiet. Men vi må eit godt stykke attende for å finne dei. Det er snart 25 år sidan den store venstredreiinga til partiet gjekk føre seg.

Men om det er ein kamp mellom radikale og konservative delar av Senterpartiet som går føre seg, har han sjeldan kome til direkte uttrykk. Eit unnatak kom i 2012, da partileiar Liv Signe Navarsete sa i eit NRK-intervju at ho og nestleiar Ola Borten Moe hadde ståstad i kvar sin del av partiet: Sjølv høyrde ho til i 1990-talspartiet til Anne Enger (da Lahnstein), Moe i det gamle konservative Senterpartiet, sa Navarsete.

Venstre om
Dersom dette er ein viktig understraum i striden som rir partiet no, er det temmeleg ope kva slags Senterparti vi får sjå i åra som kjem. Det er òg verdt å merkje seg at nyorienteringa til Senterpartiet på 90-talet, driven fram av mellom andre partileiar Anne Enger og generalsekretær John Dale, dels var ein reaksjon på misnøya med deltakinga i dei borgarlege regjeringane på 1980-talet. Også dette var eit tid for sjølvransaking i partiet.

I tillegg var sjølvsagt EU-striden heilt definerande for Senterpartiet på denne tida, og partiet fekk nesten 17 prosent av røystene ved stortingsvalet i 1993. Den gamle kampen mot sentralisering og forsvaret for landbruket heldt fram, men i tillegg vart Senterpartiet langt meir oppteke av sosialpolitikk, fordeling og velferd enn før, og kritikken av mark-nadstenking og liberalisme vart svært krass. Anne Engers senterparti tok til seg kjende sosialdemokratiske talemåtar om solidaritet og samhald.

Skiftet vart klart oppfatta av veljarane: I ei meiningsmåling i 1996 plasserte eit fleirtal av dei spurde Senterpartiet til venstre for Arbeidarpartiet på den politiske aksen, skriv Roar Madsen i Senterparti-historia Motstraums. Og denne venstredreiinga gjorde det seinare mogleg å sitje åtte år i regjering med den tidlegare klassefienden i Arbeidarpartiet og sosialistane i SV. Det var eit politisk hamskifte.

Nye veljarar
I dei raudgrøne åra oppnådde Senterpartiet nokså store politiske resultat, også på kjerne-område som landbruk. Og makta til partiet har vore langt større enn ein valoppslutnad på mellom seks og åtte prosent skulle tilseie. Men koalisjonar har alltid ein kostnad, og etter åtte års samliv med rovdyrpolitikken til SV og Europa-politikken til Arbeidarpartiet er det ikkje rart om somme i Senterpartiet ønskjer å stikke fingeren i jorda og finne ut kor dei er.

Og det er saktens krefter i Senterpartiet – fleire enn Ola Borten Moe – som ønskjer ei høgredreiing og ei frigjering frå hopehavet med Ap og SV. Men det er sanneleg ikkje lett å sjå nokon farbar veg attende til ein borgarleg leir, i den grad det finst noko slikt leng-er. Og om det skulle vere i den leia Senterpartiet vil, må dei truleg skifte ut det meste av veljarmassen sin på vegen.

– Det har skjedd store endringar i veljarskaren til Senterpartiet dei siste tiåra, seier valforskar Bernt Årdal til Dag og Tid.

– Fram til 1980-talet var Sp-veljarane ganske like veljarane til dei andre borgarlege partia. Men sidan da har veljarane gått klart til venstre. Og i same perioden har Høgre blitt eit meir liberalistisk parti, så Høgre og Senterpartiet framstår no som politiske motpolar.

QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?

Finne seg sjølv
Ein del Sp-politikarar, mellom andre fylkesleiar Ivar Odnes i Oppland, har teke til orde for å finne attende til sentrumsprofilen og nærme seg KrF att. «Det er flere i partiet som har hatt problemer med at vi regjerte med Sosialistisk Venstreparti», sa Odland til Klassekampen på onsdag. Men det er så langt lite som tyder på noka stor kursendring i Senterpartiet.

– Det viktigaste for partiet no er å finne att seg sjølv. Det interessante spørsmålet er korleis vi kan appellere til ein større del av befolkninga, ikkje å diskutere kven vi kan samarbeide med, seier tidlegare generalsekretær og stortingsrepresentant John Dale til Dag og Tid.

LES OGSÅ: Får kritikk for klappjakt

Spagat i sentrum
Den oppgåva er tøff nok. Nokre grunnleggjande dilemma ligg der for Senterpartiet, same kven som skal leie det etter det ekstraordinære landsmøtet.

På eine sida vil Senterpartiet gjerne vere eit næringsvenleg distriktsparti, med stor respekt for privat eigedomsrett og sans for skapartrong. På andre sida vil Senterpartiet vere eit miljøparti som kjempar mot øydelegging av norsk natur og kulturlandskapet.

På eine sida er Senterpartiet skeptisk til sentralmakta i Oslo og varm tilhengjar av det lokale sjølvstyret. På andre sida vil partiet ha eit sterkt jordvern, og det krev at staten held kommunane hardt i øyra. Og det norske landbruket, sjølve livsnerven til Sp, er heilt avhengig av at sentralmakta gjev store overføringar og vern mot utanlandsk konkurranse.

Dersom Senterpartiet skulle bli eit meir liberalt og marknadsvenleg parti som vil avgrense rolla til staten og det offentlege, ville det vere eit brot med politikken partiet har ført i mange år. Liberalistisk har partiet aldri vore. Nesten alle hjartesakene til partiet er avhengige av offentleg regulering og omfordeling. Eit senterparti som ikkje kjempar for landbruk, lokalsjukehus og meir pengar til kommunane, er ikkje tenkjeleg.

Seigliva
I tillegg ligg sjølvsagt grunnproblemet for Senterpartiet der som ein dyster basstone under det heile. Samfunnsutviklinga gjer at veljargrunnlaget til partiet forvitrar, tiår etter tiår. Å ha identiteten sin så tett knytt til landbruket når talet på bønder i Noreg fell og fell, er openbert ei dødsline. Men dette såg Bondeparti-leiarane alt i 1950-åra, og ønsket om å nå breiare ut var grunnen til at partiet skifta namn i 1959.

Likevel, trass i mange forsøk på å nå fram til nye grupper, er Senterpartiet framleis eit nesten reint distriktsparti, og berre i samband med EF- og EU-stridane har partiet vunne særleg oppslutnad i byane. Rekordresultatet i stortingsvalet i 1993 framstår som det store unnataket i ein lang nedovergåande trend, med valet i fjor som det førebelse botnpunktet.

Samtidig skal det seiast at Senterpartiet har vist seg seigliva. Valforskar Henry Valen spådde tidleg i 1960-åra at urbaniseringa og samfunnsutviklinga ville ta knekken på både Senterpartiet og dei andre sentrumspartia, og at Noreg ville gå mot eit topartisystem. Valen er borte, men Senterpartiet er her enno, femti år etter.

Les saka i Dag og Tid!

Les siste politikk-nytt her!