Lurivar engasjerte i bokstavjakt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ser den! Eg ser bokstaven!

Ivrige barnehender peikar mot ein boks. Lurivar har mista bokstavboksen med «I» på, og ein bestemt ung herremann er overbevist om at han har funne den. Men nei.

– Det er ein «Y», fortel bokstavboksleikassistent Karoline Isaksen.

– Men det var nesten. Dei høyrest ganske like ut dei to bokstavane.

Positivt overraska
Oppdrag alfabet! er eit heilt nytt program for 5 og 6 åringar i barnehagen. Framsyninga byr på mykje dialog mellom skodespelar Karoline Isaksen, handdokka Lurivar og barnehagebarna.

– Målet er at dette skal gjere barna nysgjerrige på språk og bokstavar. Og så får vi også sett kor mykje dei kan. Dei er utruleg flinke, rosar Isaksen.

Ho seier at ho er positivt overraska over engasjementet ungane viser.

Framsyningane går føre seg i Barnas Vel barnehage, og det er Ørsta kommune, Ørsta mållag og Nynorsk kultursentrum som har gitt framsyninga i gåve til alle 5 og 6 åringane i kommunen. Seinare skal framsyninga på turné.

Leiar for Ørsta mållag, Ingebjørg Røyrhus Øyehaug, er glad for at dei kan gi denne gåva til dei små.

– Det er litt som ein takk for det spesielle arbeidet og engasjementet dei viste oss i Språkåret 2013. Barna var aktive og deltakande med mellom anna kunstutstillingar. No er det eit nytt år, og vi håper å halde oppe engasjementet og inspirere både dei unge, foreldra og dei tilsette i barnehagane til å framleis halde eit fokus på dette med språk.

I-boksen

På scena har Lurivar gått i tenkeboksen. Den er merka med ein T, har eit raudt blinkande lys og ein liten propell. I tenkeboksen prøver han å finne ut kva som kan ha skjedd med I-boksen.

I B-boksen ligg det ulike bilete. Eit av Anne-Cath. Vestly, eit av barne-TV-figuren Fantorangen, eit av Nelson Mandela.

– Alle desse er så snille, så det kan ikkje vere dei, funderer Lurivar.

Så dukkar eit bilete av B-gjengen opp, og tjuven er raskt avslørt. Men kvar kan tjuven ha gøymt I-boksen?

Etter ytterlegare tankespinn får Lurivar ein god idé.

– I-boksen må vere «i» ei anna boks. Oppi ei anna boks!

Og jammen fekk han ikkje rett. Saman med I-en var det også eit bilete av favorittmannen til Lurivar. Og kanskje er han også ein favoritt blant Ørsta sine minste. Det var i alle fall ikkje eit fnugg av tvil då dei nærast samstemt konkluderte med kven som var på biletet.

– Ivar Aasen!

Les saka i Møre-Nytt!

Fem- og seksåringane frå Kvitveisen barnehage og Mosmarka barnehage følgjer spent med på påfunna til Lurivar.