– Gi meg éin mann som kan konkurrere med melismene mine

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mennene dominerer på P3s spelelister. I dei fleste periodane musikkvitaren Anna W. Ofstad undersøkte i si masteroppgåve, var sju av ti artistar totalt på P3s A-, B- og C-lister menn. Dei siste to åra har talet på kvinnelege artistar hatt ein liten oppgang, ifølgje undersøkinga.

Musikksjef i P3, Mats Borch Bugge, meiner kanalen speglar musikklandskapet i Noreg, der menn er i overtal. Debattredaktør i Fett og musikkritikar Charlotte Myrbråten er ikkje heilt einig.

LES OGSÅ:Mennene dominerer radiomusikken

– Må ta seg bryet
– Nei, eg trur ikkje heilt dette speglar musikklivet og eg trur at ein kan kike seg om ein ekstra gong etter kvinnelege artistar. Men då må ein ta seg bryet, skriv Myrbråten i ein epost til Framtida.no.

Ho peikar på P3s eigen musikkpris, P3 Gull, som fann stad for første gong i haust.

– Under P3 Gull såg ein tydeleg kva slags haldningar som finst om jamn kjønnsrepresentasjon. Der var omtrent ikkje ei kvinne på scena som utøvar og heller ikkje i nominasjonane.

Blant sju liveartistar var Emilie Nicolas einaste kvinne som opptredde under prisutdelinga. Susanne Sundfør vann pris saman med Röyksopp, og elles var prisvinnarane menn.

– Ein kunne lett ha funne kvinner til å opptre. Sjekk ut Sverige og deira P3 Gull. Dei klarar det lett, seier Myrbråten.

LES OGSÅ: P3 speler meir norsk musikk

Full pop
Torsdag kveld går seminaret Full Pop, som nettopp handlar om korleis kjønnsbalansen i musikklivet kan aukast, av stabelen i Oslo. Bak kvelden står Rikskonsertane, saman med Charlotte Myrbråten.

– Med Full Pop håpar vi å kartleggje kvifor det går så treigt å balansere musikklivet, i utdanning, i organisasjonane, i den framleis sidrumpa og mannsdominerte musikkjournalistikken, og nettopp i P3, som tykkjer det er OK å stable saman eit show der kvinner er fråverande. Og så vil vi tenkje vidare, om korleis dette kan verte endra, seier ho.

Seminaret består av konsertar og debattar. Det svenske booking- og produksjonsselskapet Femtastic er blant bidragsytarane. Femtastic fungerer som eit nettverk for kvinnelege aktørar i musikk- og kulturbransjen, som byggjer på overtydinga om at kvinner må organisere seg for å ta plass på scena.

– Det finst ikkje noko tilsvarande i Noreg, så vidt eg veit. I Sverige er det mange bra kvinnelege artistar som driv med hiphop, nettopp fordi det finst tiltak for det og eit ønske om å endre struktur. Dei er verkeleg på, og det gir resultat, meiner Myrbråten.

– Kva meiner du er det viktigaste ein kan og bør gjere for å auke kjønnsbalansen?

– Under Full Pop skal vi diskutere kva som er dei beste tiltaka. Eg meiner alt heng saman – vi må endre korleis vi snakkar og skriv om kvinner og musikk, radiokanalane må ikkje oversjå strukturar der kvinner vert marginaliserte, organisasjonane må arbeide målretta og eg meiner også at kvotering kan vere eit effektivt verkemiddel, seier Myrbråten, og legg til:

– For å minne om det først som sist, så handlar ikkje kvotering om å finne ei dårlegare kvinne, men om å sjå seg om ein ekstra gong etter fleire enn kvite, like menn. Susanne Sundfør seier det som vanleg best, meiner Myrbråten og peikar på ein status Sundfør hadde på Facebook i høve P3 Gull-nominasjonen:

”Når de sterkeste kreftene i norsk musikklivet slår seg sammen for Lydverkets siste TV-innspilling, blir det ikke dynamitt, men snarere lyden av natur, en varsom vind som vandrer over vidda. Låten er nær perfekt komponert, og med tilslag av gripende vokal fra en av landets sterkeste kvinnestemmer." skriver P3 om Running to the Sea. Tusen takk sier jeg, og jeg har ikke en av landets sterkeste kvinnestemmer. Jeg har en av landets sterkeste stemmer. Gi meg én mann som kan konkurrere med melismene mine. Just sayin.

(saka held fram under)

LES OGSÅ: Stemma til Susanne

Mangler rollemodellar
Kulturforskar ved Telemarksforsking er ikkje overraska over tala frå P3-undersøkinga.

– Til ein grad speglar nok listene musikktilfanget. Ser ein på medlemstala i fagorganisasjonane i musikklivet, er det ei stor overvekt av menn. Samstundes har det kome til mange nye kvinnelege artistar, seier Stavrum, som mellom anna medverka til boka Musikk og kjønn – i utakt?

Ofstad si undersøking av P3s spelelister syner ein oppgang i talet på kvinnelege artistar det siste året. I 2012 og 2013 går talet på mannlege artistar ned til 65 prosent. Kvinnelege artistar står for 25 prosent av låtane i same periode. Stavrum meiner å sjå ei endring i musikklivet.

– Det er for kort tid til å seie noko sikkert, men oppgangen kan spegle ein tendens til meir balanse. Det vert ikkje berre fleire utøvarar, men også ei endring i bransjen. Eg har lagt merke til at kjønnsbalanse vert diskutert i store aviser som Aftenposten og Dagbladet, og at også mannlege musikkjournalistar tematiserer saka. Det syner ei form for endring som er på fleire nivå i bransjen, meiner Stavrum.

Populærmusikken har historisk sett vore mannsdominert og kvinnelege rollemodellar har mangla, ifølgje Stavrum. I tillegg har bransjen rundt utøvarane vore mannsdominert.

– Ein tendens har vore at menn vel menn, og kvinner også vel menn. Det påverkar kva artistar som vert valt ut på til spelejobbar, radio og platekontraktar. Men det er ei betring no, med fleire kvinnelege artistar, meiner Stavrum.

Ho peikar på Månefestivalen i Fredrikstad, som har avgjort å berre ha kvinnelege soloartistar eller band med kvinnelege songarar på programmet i år. Patti Smith and Her Band og Anne Grete Preus er blant artistane som allereie er klare for festivalen.

– Det har alltid vore mykje debatt kring kjønnsfordelinga på musikkfestivalane, kor det har vore hovudvekt på mannlege artistar. Og slik har det vel vore på Månefestivalen også. Eg tykkjer det er eit viktig tema, dessutan er det heilt uproblematisk å lage ein festival med kvinnelege artistar. Eg meiner ein kunne ha laga ein av verdas beste festivalar, sjølv om ein berre hadde hatt kvinnelege artistar på plakaten, seier festivalens pressetalsmann, Jimmy Olsen til Fredrikstad blad.

Les siste musikknytt her!