Trong økonomi i januar?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ribber og pinnekjøt er for lengst fordøydd. Juletrea har byrja å drysse og er blitt kasta på dør, saman med dei siste restane etter jula. Dei fleste har teke med seg gåver og nyttårsforsett og lagt på veg inn i det nye året.

LES OGSÅ: Stadig fleire tek opp forbrukslån for å skaffe eigenkapital

Er du student inneber det at du står på tampen av eit nytt semester, kanskje med høge ambisjonar, men tynnsliten lommebok. Heldigvis er det no tid for nytt kjempestipend, og nye moglegheiter.

Ifølgje forbrukarøkonom i DNB, Silje Sandmæl, og personleg rådgjevar i Nordea, Marie Helvik Roll, er det fleire grep du kan ta for å stable økonomien på føtene att.

Få gode vaner
– Starten på året er ei gyllen mogelegheit til å lære seg nokre gode vaner. Ein kan til dømes setje opp eit enkelt budsjett for kvar veke eller månad. Rekn ut kva utgifter du har og kor mykje du sit att med til slutt, som du kan bruke på fritid, klede og uteliv, seier Helvik Roll.

På bloggen Ung & Penger gjev ho råd om personleg økonomi.

– Kutt også ned på sløsinga. Rekn ut kor mykje pengar du brukar på kaffe kvar dag, så ser du fort at det vert dyrt. Eit anna råd kan vere å planleggje og handle inn mat for ei veke om gongen, då sparar du fort pengar, seier ho.

Helvik Roll minnar studentar på å ha med seg studentbeviset sitt og halde utkikk etter studentrabattar. I tillegg kan ein sjekke ut om det er nokre legat ein kan søke.

– Mange er ikkje klar over at det finst mange legat og støtteordningar for studentar. På Legatsiden, i avisene eller i Legathåndboka kan du få oversikt, rådar ho.

Den personlege rådgjevaren oppmodar dessutan studentar om å setje lån og stipend inn på ein eigen konto.

– Mange vil trenge stipendet og lånet dagleg, men prøv å berre hente ut frå kontoen ved behov, seier ho.

­LES OGSÅ: Personleg økonomi på timeplanen

– Smør deg med tålmod
Ved å smøre deg med tålmod kan du kome deg eit stykke på veg, ifølgje forbrukarøkonom Silje Sandmæl. I tillegg bør du sjå etter mogelegheiter for å spare pengar – til dømes på biblioteket.

Her er råda frå Sandmæl:
1. Lag budsjett for å ha kontroll. Bestem deg for kor mykje du skal bruke på mat, klede og så vidare, og følg med på budsjettet ditt i nettbanken. DNB har til dømes ein automatisert budsjettfunksjon som heiter min økonomi.

2. Har du ikkje pengar til å betale januarrekningane, MÅ du kontakte kreditorane dine for å få delt dei opp. Går dei til inkasso blir det ikkje berre dyrt, men du får betalingsmerknad som gjer at du ikkje får bustadlån.

3. Sjekk om du kan spare pengar på å byte leverandør på straum, telefon, forsikring og liknande.

4. Ver medviten på prisar. Sjå på prislappen før du handlar. Smør matpakke i staden for å kjøpe lunsj. Fyll opp vassflaska i staden for å kjøpe drikke.

5. Ver tålmodig. Lag ei ønskeliste med ting du vil ha og ønsk deg det til jul og bursdag.

6. Planlegg matinnkjøpa. Handle inn ein gong i veka, kjøp frose i staden for ferskt og billegare alternativ.

7. Utnytt biblioteket for gratis aviser, bøker og dvd-ar.

8. Kjøp brukt.

9. Dersom du har bil, tenk over om du verkeleg treng den. Bil er dyrt!

10. Ver flink til å prioritere pengane dine riktig. Betal alltid rekningar og bruk pengar på mat først.

LES OGSÅ: – Studentar er enkle å lyge til