Vil ha eitt politidistrikt på Vestlandet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha eitt politi- distrikt i vest

– Det kjem til å bli ein stad mellom ti og 19 politidistrikt, seier Hans J. Røsjorde (Frp), statssekretær i Justisdepartementet til Bergens Tidende.

Dermed trassar han tilrådinga frå Politianalysen om å kutte talet på politidistrikt frå 27 til seks.

Utvalet foreslår også at Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane blir slått saman til det største politidistriktet i landet med ansvaret for 1,2 millionar innbyggjarar.

– Det er lite sannsynleg at vi slår saman Bergen og Stavanger i eitt stort distrikt, seier Røsjorde.

På spørsmål om kvifor, svarar han:

– Det er berre å ta fram noregskartet. Då trur eg svaret gir seg sjølv. (©NPK)