Samlaget søker nye stemmer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samlaget inviterer nye skrivespirer til Litteraturhuset i Bergen i dag 15.januar. Der ventar fleire av redaktørane i nynorskforlaget, mellom anna Bente Riise, som har ansvar for sakprosa, og Ragnfrid Trohaug, ansvarleg for barne – og ungdomslitteratur. I to økter, frå 12 til 14, og frå 16 til 18, er det fritt fram å ta kontakt med den aktuelle redaktøren. Og det er ikkje naudsynt med eit ferdig manus. Ein idé du ønskjer å diskutere, er nok i massevis, forsikrar Trohaug.     

– Vi har ikkje gjort dette før, og vi er spente på om folk tør å koma. Men mi erfaring er at vestlendingar og bergensarar har mykje pågangsmot, avslørar ho.  

LES OGSÅ: – Skriv for dei som ikkje vil lese

Alt av interesse
Bente Riise, som jobbar med sakprosa, vil gjerne ha tak i nye, unge stemmer. Det meste er av interesse. Både biografiar, historiske materiale og dagsaktuelle tema kan vera noko å gå vidare med. Ho håpar at dei som lurer på korleis det er å jobbe med ei bok, vil bruke dette høvet til å finne ut meir.          

Kva skal til for å bli forfattar hjå Samlaget?

– Du må ha ein idé og eit emne, men du treng ikkje vera spesialist. Skriveglede og engasjement er viktig, i tillegg til å ville jobbe mykje med prosjektet, i samarbeid med oss. Forlaget må ha trua på ideen, at boka vil selja, og at det finst eit publikum. Men forfattaren har stor fridom undervegs.

Les fleire bokmeldingar her!

Bergen best på nynorsk
Bergen har tradisjonelt vore ein bastion for Samlaget. Fleire av dei store forfattarane bur, eller har budd, der, og det litterære miljøet, med innslag som Skrivekunstakademiet og Litteraturhuset, er stort. Ragnfrid Trohaug peikar også på at nynorsken står særleg sterkt i byen.

– Universitetet i Bergen har tidlegare fått kjeft av Språkrådet for å bruke for lite bokmål. Bergens Tidende brukar begge språka, og det er ikkje uvanleg med kaféskilt på nynorsk. Ein blir van med å sjå begge språka overalt, understrekar ho.

I tillegg til  vera redaktør, er Trohaug sjølv forfattar, og har gitt ut fleire ungdomsbøker. Ho byrja å skrive på nynorsk da ho jobba som journalist i Studvest,  der ho opplevde at det gjekk prestisje i å levere sakene på nynorsk.

– Eg ville aldri ha debutert på nynorsk om eg ikkje budde i Bergen, vedgår ho.   

LES OGSÅ:Skiverevolusjonen breier om seg

Eit språk som må brukast
Informasjonssjef i Samlaget, Karin Helgøy, gler seg til møtet i Bergen. Samlaget har ikkje gjort noko tilsvarande tidlegare. Den tradisjonelle måten å rekruttere forfattarar på har vore gjennom innsendte manus, tilrådingar internt i forfattarmiljøet, og tilskipingar av skriveseminar. No vil dei nå breiare ut. Helgøy avviser at møtet er eit symptom på sviktande pågang av nye forfattarar.  

– Som alle andre forlag er vi alltid på utkikk etter nye talent. Vi ønskjer alltid å ha mange å velja mellom, og at folk kjem til oss med dei beste prosjekta, seier ho.

Både Helgøy, Riise og Trohaug understrekar at terskelen er låg for å møte opp, og at ingen må ha ærefrykt for menneske som jobbar i forlag. Trohaug legg til at det også har ein språkpolitisk dimensjon.

– Nynorsken som språk er avhengig av at det kvar dag er i bruk, også i litteraturen. Derfor treng vi forfattarar som skriv på nynorsk, og derfor er det viktig at folk møter oss på Litteraturhuset i Bergen, seier ho.

LES SISTE BOKNYTT HER!