Skiverevolusjonen breier om seg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ida Skivenes deler matglede og kreative frukostar med over 170.000 følgarar frå heile verda på Instagram under namnet idafrosk. Boka basert på frukostane hennar, Leik med maten, er no selt til forlag i Tyskland, Frankrike, Nederland og Belgia. 

Med enkle grep kan ei vanleg brødskive bli eit lite kunstverk, ja, rett og slett matkunst. Boka Leik med maten viser korleis du kan lage isbjørngraut, ape-pannekaker, Raudhette av jordbær og kiwi, og brødskive med Munch-motiv. Eller kanskje du heller vil lage Big Ben, Taj Mahal eller Oslo rådhus? Her får du mange idear til sunn og god mat som er moro for både store og små.

Ida Skivenes frå Skiveneset i Hyllestad er blitt ei av dei mest kjende norske matkunstnarane, både i innland og i utland. Ho har fast spalte i ei rekke norske og internasjonale aviser og tidsskrift og har i tillegg vore intervjua både på frukosttv til BBC og var i september med i britiske Vogue.

– Smaken er heilt klart viktig, sa Ida Skivenes då Framtida.no snakka med ho tidlegare i haust.

– Ofte byrjar det rett og slett med at eg lurer på kva eg skal ha på skiva, og så får eg ideen derfrå. Ein dag hadde eg til dømes utruleg lyst på ei skive med peanøttsmør og banan, og så plutseleg slo det meg at det måtte vere bli ei apeskive, fortalde ho då.

LES SAKA: Fargerik skiverevolusjon