Over 200.000 i jubileumsåret

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over 200.000 i jubileumsåret

Det Norske Teatret kan sjå tilbake på eit jubileumsår med 206.637 besøkjande. I tillegg tok rundt 5.000 besøkjande del i aktivitetane utanfor scenerommet på 100-årsdagen 6. oktober i fjor.

Det er tiande gong i historia til nynorskteatret at publikumstalet kjem over 200.000. På hovudscena er «Bibelen», «Shockheaded Peter» og «Tonje Glimmerdal» blant framsyningane som trekte mykje folk i 2013.

LES OGSÅ: Glimrande gode Tonje Glimmerdal

På Scene 2 var særleg gjensynet med «Bikubesong» populært. Nesten 7.000 såg framsyninga før ho vart flytta til hovudscena, der ho vart sett av ytterlegare 6.000 publikummarar. «Stort og stygt» av Olaug Nilssen toppar publikumslista blant nye produksjonar med nesten 4.000 besøkjande på Scene 2. 

På Scene 3 er det sett publikumsrekord. Særleg «Haugtussa», «Det normale livet» og «Fuck my life» har trekt mykje folk.

Teatersjef Erik Ulfsby er spesielt fornøgd med breidda i repertoaret til teatret.

– Det har med full tyngd vist at Det Norske Teatret er med å utvikle og flytte norsk scenekunst framover, seier Ulfsby. (©NPK)

LES OGSÅ: Trassig og sta i hundre år