– Mobbeoffer treng oppreising

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Føreslår kraftige mobbe-tiltak

Kvar dag får Barneombodet melding frå born eller foreldre som fortel om mobbing og krenkingar.

– Me meiner me berre ser toppen av isfjellet, skriv Barneombodet i eit innspel som dei har sendt til Djupedalutvalet. Dette utvalet skal sjå på kva ein kan gjera for å få eit betre skulemiljø og korleis ein redusera mobbinga.

Dei fleste sakene Barneombodet får gjeld born som er utsett for langvarig utestenging og isolasjon og fysisk og psykisk vald frå medelevar eller lærarar. Dei siste åra har dei også fått saker der barn er utsett for seksuelle overgrep i skuletida.

LES OGSÅ: Får aldri fred frå mobbarane

Fleire tiltak
I innspelet nemner Barneombodet fleire tiltak som dei meiner kan vera med på å redusera mobbinga:

– Fylkesmennene må ha eit mandat som gir dei høve til å gripa inn og sikra retten til eleven overfor kommunane.

– Sanksjonar – frå den mildaste kritikk, til pålegg om konkrete tiltak, plikt til å innhenta kompetanse utanfrå, bruk av dagbøter for å sikra gjennomføring i rett tid, og i ytste konsekvens bøter og oppreising.

– Barnets stemme må få ein større plass i saksbehandlinga. Barn må bli hørt i si eiga sak. Elevrådet bør bli meir involvert.

– Barneombodet reiser også spørsmål om kva rolle elevombod/mobbeombod/barneombod kan ha.

LES OGSÅ: «Det var ikkje kult å bli mobba verken for storleik eller religion»

Mangel på kompetanse
Sakene som Barneombodet mottar viser at det er stor mangel på kunnskap om rettane til elevane, om kva som er krenkingar, om skadepotensialet til mobbinga og om dei formelle reglane som skulane må følgja. Tilgjengeleg forsking synest heller ikkje å bli tatt i bruk. Barneombodet finn kompetansemanglar i skulane, men også hos Fylkesmennene som klageinstans og som tilsynsmynde.

– Å heva kompetansen er viktig, men tar tid, og må derfor ikkje erstatta effektive tiltak som kan sikra å gi elevane nødvendig bistand til rett tid. Elevane treng ei løysing her og no, seier Janicke Sæther Olsen, seniorrådgjevar ved Barneombodet.

Klagesystemet er komplisert, og ei klagesak kan pågå i årevis utan at eleven får ei løysing.

– Eit problem er at fleire av desse sakene er ubehagelege for vaksne å ta tak i. Folk vegrar seg for å stå i dialog med borna over lang tid, fortel Sæther Olsen.

Ho etterlyser ei verktøykasse som kommunane kan bruka.

LES OGSÅ: Føler skulen svikta

Psykologisk belastning
Barneombodet har tidlegare levert fleire rapportar om mobbing i skulen. I det nye innspelet har dei ekstra fokus på dei psykologiske sidene ved mobbinga.

Barneombodet meiner det er ei utfordring at skulane ikkje set inn tiltak som er eigna til å reparera skade eller kompensera audmjukingar som eleven har vore utsett for. Skulane synest å ville løysa saka utan å stilla nokon til ansvar, og utan å setja inn tiltak som reparerer eller rettar opp den skaden som har skjedd. Når skulen lagar enkeltvedtak rettar dei seg mot det som skal skje framover, og eleven blir forventa å leggja år med krenkingar bak seg, utan eingong å få ei orsaking, skriv Barneombodet.

– Som eit minimum må ein få ei orsaking, seier Janicke Sæther Olsen til Framtida.no.

Ho legg til at kompensasjonen ikkje treng vera økonomisk, men at det er rimeleg å sjå på dette også.

– Erfaringa vår er at behovet er stort for å få ei orsaking, både hos eleven og hos foreldra til eleven, heiter det er innspelet frå Barneombodet.

LES OGSÅ: Her er landets første mobbeombod

Kva meiner du skal til for at fleire elevar skal sleppa å bli mobba?

Faktaboks

Elevundersøkinga for 2012 viser at 6,8 prosent av elevane opplever mobbing 2 til 3 gonger i månaden eller meir. Det er nær 42.000 elevar.

Sjå innspelet til Barneombodet!